Høyringsinnspel frå 1. - 4. Dingemoen skule
Vi som er tilsette i 1.-4. klasse, fagarbeidarar og lærarar, ynskjer med dette å synleggjere vår uro knytt til eventuell endring av skulestruktur. Gjennom mange års erfaring som lærarar og tilsette i skulen har vi erfart at auka elevtettleik kan ha negative konsekvensar for elevane sin trivsel, tryggleik og læring.
1. Manglande medverknad og informasjon
Når vi les rapporten, saknar vi konkrete vurderingar av konsekvensane for barn og tilsette ved Dingemoen skule.
Manglande informasjon har skapt stor uro i personalet. Mange ulike “sanningar” får leve i mangel på ein tydeleg plan for prosessen, uavhengig av utfallet av kommunestyremøtet 19.11.
2. Fysisk plass og pedagogisk kapasitet
Vi har dei siste åra opplevd ei endring ved at stadig fleire elevar har behov for tilstrekkeleg fysisk rom og skjerming for å kunne fungere godt i skulekvardagen. Vi er difor uroa for at ei ytterlegare auke i talet på elevar per kvadratmeter kan føre til at fleire barn opplever skulekvardagen som meir krevjande. Etter vårt syn er det avgjerande at omsynet til elevane sine individuelle behov, trivsel og læringsmiljø blir tillagt stor vekt i vurderinga av arealbruk og elevkapasitet. Vi meiner det er viktig å skilje mellom det å ha fysisk plass til elevane og det å ha tilstrekkeleg pedagogisk kapasitet til å gje dei eit godt opplæringstilbod. Ei samanslåing vil kunne føre til svært avgrensa høve til skjerming av elevar, leik og variert undervisning.
Som rapporten omtalar, er det skiljeveggar mellom romma på avdelinga. Skiljeveggane mellom klasserom og delingsrom er ikkje lydtette. Når begge romma er i bruk, er det vanskeleg å drive aktiv undervisning eller undervisning med lyd på storskjerm utan å forstyrre naborommet. Dette stiller allereie strenge krav til undervisninga.
Dei tilsette på Dingemoen skule 1.-4. ber om svar på følgande før endeleg vedtak blir gjort av politikarane:
- Kor mykje vil kommunen faktisk spare på å legge ned Flekke skule?
- Kvar kan vi finne eit oppdatert og fullstendig reknestykke som syner resultat om Flekke består, og ein ikkje gjer investeringar på nokon av skulane?
- Korleis vil vaksentettleiken på Dingemoen sjå ut på 1-4 dersom Flekke skule blir lagt ned frå skuleåret 2027/28?
- Korleis vil vaksentettleiken på Dingemoen sjå ut på 1-4 sjå ut dersom Flekke skule ikkje blir lagt ned?
- Korleis er barnets beste for elevane ved Dingemoen vurdert opp mot kommunen sitt behov for økonomisk innsparing? Elevane i 1.-3.-klasse har ikkje fått uttale seg i saka.
- Korleis ser ein for seg å ivareta dei store kulla med elevar som kjem dei neste åra?
- Har ein teke omsyn til regjeringa sitt forslag frå oktober 2026 om å lovfeste smågruppeundervisning i lesing, skriving og rekning frå 1. og 2. steg frå skuleåret 2027/2028? Regjeringa tilrår grupper på 2- til 6 elevar, og har også signalisert satsing på meir gruppeundervisning på 5. og 8. steg.
- Kvar skal denne undervisninga gå føre seg dersom alle rom er nytta som klasserom?
- Regjeringa vil også ha auka vektlegging på leik, rørsle og praksislæring inn i klasseromma – kvar skal dette bli gjennomført? Torggata mellom 1. og 2. steg er meint som fellesareal, men dette fungerer dårleg grunna at barna uroar kvarandre.
- Kva skjer i arbeidet med 5-dagersveka? Vi meiner det er behov for å sjå på dette samstundes som ein eventuelt gjennomfører samanslåing av Flekke og Dingemoen.
- SFO opplever tidvis svært høgt støynivå. Kor mange fagarbeidarar er planlagt og kva for eit lokale er tenkt nytta til SFO for å kunne gje eit godt tilbod til barna?
- På s. 15 i hovuddokumentet står det: " Nokre utfordring har vi med at garderobane er for små.....” .....”Å utvide garderobane er berekna til 12 mill kr. (s. 59–63). Men, her må ein også vurdere om det er mogleg å nytte anna areal internt”. . Kva tyder dette? Vi forventar at dette er tydeleg utgreidd før ei eventuell avgjerd om samanslåing skjer.
Oppsummering og konklusjon
Med utgangspunkt i punkta over meiner vi som er lærarar og fagarbeidarar ved 1.–4. klasse Dingemoen skule at det ikkje er teke tilstrekkeleg høgd for konsekvensane av ei eventuell samanslåing med Flekke skule.
Vi er særleg uroa for korleis auka elevtal vil påverke romsituasjonen, høvet til variert og tilpassa undervisning, vaksentettleiken og drifta av SFO.
Vi meiner òg det er viktig å sjå dette i lys av regjeringa sine forslag om meir smågruppeundervisning og auka vekt på leik, rørsle og praktisk læring på småskulesteget. Dette krev fleksible lokale og tilstrekkeleg areal, noko vi er uroa for at ei samanslåing vil redusere høvet til.
Det er ein vesentleg skilnad mellom å ha fysisk plass til elevane og å ha rom til å gje dei eit godt pedagogisk tilbod.
Vi meiner difor at konsekvensane for elevane som allereie går på Dingemoen, og for dei tilsette, må greiast grundigare ut før det blir gjort eit endeleg vedtak om skulestrukturen.
For oss handlar dette om å sikre ein trygg, inkluderande og god skulekvardag for alle elevar og tilsette.
Dei tilsette 1. - 4. klasse Dingemoen skule
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.