← Full visning

Saka er driven av økonomi – ber om plan, betre informasjon og involvering av tilsette

UTDANNINGSFORBUNDET FJALER · 21. oktober 2026

Høyringsuttale frå Utdanningsforbundet Fjaler

Styret i Utdanningsforbundet Fjaler føl saka knytt til skulestruktur tett, og vi ynskjer med dette å belyse saka ut frå vårt perspektiv. Som fagforeining for lærarar og skuleleiarar er vårt primære fokus å ivareta opplæringskvaliteten for elevane, profesjonsfellesskapet til dei tilsette og føreseielege arbeids- og læringsvilkår i Fjalerskulen.

Utdanningsforbundet Fjaler tek ikkje partipolitisk stilling til dei enkelte lokalpolitiske prioriteringane, men vil i dette høyringssvaret peike på faglege, organisatoriske og forskingsbaserte tilhøve som kommunestyret må ta omsyn til i si endelege vurdering. Høyringssvaret tek utgangspunkt i kommunen sine saksdokument, rapporten frå Agenda Kaupang, forskingsrapporten om skolenedleggingar frå Telemarksforsking/Nordlandsforskning og NOU 2026: 10 (Fellesskolen).

Slik vi opplever saka knytt til skulenedlegging i Fjaler, er denne sterkt driven av økonomi, og lite av pedagogiske omsyn. Dette er eit uheldig utgangspunkt for å ta slike avgjerder. Vi er usikre på om dei reelle sparingane vil svare opp mot dei sekundære kostnadane som vil oppstå ved eventuelle nedleggingar. Fellesskuleutvalet tilrår langvarig, heilskapleg planlegging, tidleg involvering og varsamheit knytt til kortsiktig vinst. Slik Utdanningsforbundet Fjaler ser det, har tidsperioden vore lang, men dei tilsette i skule og SFO meldar om utydeleg informasjon og manglande konsekvensutgreiing, noko som gjer det umogleg å ta faktabasert stilling til saka. Personalet meldar også om svært avgrensa rom for involvering undervegs i prosessen.

Prosess

Vi merkar oss at det ikkje var folkemøte i Dale i 2025 før ein starta utgreiing av skulestruktur. Vi undrar oss kvifor ein utelot ein av skulekrinsane?

Kommunedirektøren peikar primært på nedlegging av Flekke skule, ein skule som over tid er driven med gode resultat og lågt sjukefråvær i personalet. Forsking syner at ved nedlegging av skular, vil ein kunne oppleve ei forstyrringseffekt, med nedgang i resultat og trivsel. For å sikre at dette ikkje er ein vedvarande effekt, syner Telemarksforsking at ein må ha gode planar, og sikre både elevar og tilsette i overgangen. Det må setjast av tilstrekkelege midlar. Vi uroar oss over at det ikkje kjem fram noko i høyringsdokumenta om kva midlar som er tenkt, eller korleis ein tenkjer å gå fram for å sikre eventuelle overflyttingar.

Ny personalsjef i Fjaler tiltrer stillinga i januar 2027. Kommunalsjef oppvekst pensjonerar seg våren 2027. Vi uroar oss over kven som skal vere prosjektansvarleg, halde i trådane og sikre prosessar fram mot eventuelle overflyttingar av elevar og tilsette. Utdanningsforbundet Fjaler forventar at planen for å sikre ein god prosess vidare ligg føre innan politikarane skal ta stilling til saka. Forsking syner at det er avgjerande at ein har gode planar og prosessar for å lukkast dersom ein skal slå saman skular. Tida er, slik vi ser det, i utgangspunktet for knapp frå eventuelt vedtak i november fram til skulestart aug. 2027.

Utdanningsforbundet merker oss at i hovuddokumentet knytt til saka er Dingemoen skule berre nemnt som mottakarskule, og om det er plass til fleire elevar eller ikkje. Det er ikkje skrive noko om barnets beste for elevane på skulen, og heller ikkje noko om korleis ei flytting av andre elevar til Dingemoen vil kunne påverke det eksisterande arbeidsmiljø for barn og tilsette.

I prosessen har mange ulike tal versert, og rapporten presenterer også ulike tal som ikkje tydeleg blir forklart av administrasjonen (Døme: 6 stillingar kan kuttast for å dekke naudsynte innsparingar). Dette har ført til at rykter har oppstått, og tilsette i heile sektoren lagar seg eigne sanningar. Dette er eit svært dårleg utgangspunkt for positive prosessar knytt til eventuelle samanslåingar.

Både NOU 2026 og Telemarksforsking understrekar at vurdering av barnets beste og reell elevmedverknad må skje tidleg og systematisk i prosessen, før kommunen låser seg til eit føretrekt alternativ. Vi er kjende med at elevstemma ikkje har kome fram før no i høyringsrunda. Dette kan opplevast som for seint, og at ein ikkje har reell påverknadshøve når den kjem så seint.

Vi ynskjer at politikarane og vi får ein god forklaring på tabellen frå hovuddokumentet (sjå under). For oss er det veldig vanskeleg å forstå kva ein målar kvalitet på. Vi undrar oss over reell kvalitet- og kompetanseheving ved samanslåing, og ber om ei forklaring på kva omgrepet kvalitet tyder i rapporten, samt korleis den har blitt målt ved utarbeiding av tabellen. Kor mange fleire lærarar skal arbeide på Dingemoen om skulestrukturen blir endra?

Økonomi Kvalitet Folkehelse/skyss Samfunnsutvikling
0 Dagens struktur - 0 0 0
1: Flekke til Dingemoen ++ + -- -
2: Flekke 5-7 til Dingemoen + + - 0/-
3: Våge skule u.trinn til Dingemoen + 0 -- -

++=stor positiv effekt, +=positiv effekt, 0=liten/ingen netto effekt, -=negativ effekt, --=stor negativ effekt

Vi ynskjer

Vi vil med vårt høyringssvar understreke verdien og viktigheita av å involvere dei som kan få store endringar i kvardagane sine. Dei må få god, rett og tydeleg informasjon. Dei må bli lytta til. Dette gjeld uansett kva prosessen fører til vidare, slik dei tilsette opplever at dei har ein viktig rolle i arbeidet med innsparing.

Styret i Utdanningsforbundet Fjaler

Kjelder:

https://telemarksforsking.no/publikasjoner/skolenedleggelser/4740/

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2026-10/id3170002/

https://www.fjaler.kommune.no/tenester/barnehage-og-skule/skulestruktur/

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.