← Full visning

FAU i barnehagen vil behalde Flekke skule – meiner saka ikkje er forsvarleg utgreidd

FAU i Flekke barnehage · 21. oktober 2026

Høyringsinnspel frå FAU i Flekke barnehage – framtida til Flekke skule

Vi i FAU i Flekke barnehage ynskjer å kome med eit tydeleg innspel i høyringa om framtida til Flekke skule.

Sjølv om barnehagen etter forslaget skal bestå, meiner vi at ei nedlegging av skulen vil få store konsekvensar også for barnehagen, barnehagefamiliane og framtida til Flekke som bygd. Barnehagen og skulen kan ikkje sjåast isolert frå kvarandre. Dei er del av det same oppvekstmiljøet, dei deler bygg og uteområde, og familiane som bruker barnehagen i dag, er i stor grad dei same familiane som skal bruke skulen i morgon.

Vi meiner det er fleire tema som ikkje er godt nok utgreidd og som framstår som uavklart. I tillegg meiner vi at prosessen om utgreiing av skulestruktur har vore mangelfull og ikkje omhandlar sentrale tema når ei så inngripande avgjerd skal takast. Dette har vi greia ut om i eit eige skriv (sjå vedlegg, “Notat om saksutgreiing - FAU Flekke barnehage og skule”).

Ein full barnehage i ei bygd i vekst

Flekke er ei lita bygd, men utviklinga dei siste ti åra har vore svært positiv. Det har kome mange nye hus og nye familiar til bygda, og talet på born har auka. Sidan 2019 har 20 familier med 47 born, to par i etableringsfasen og 3 enkeltpersonar etablert seg i Flekke skulekrins.

Dette ser vi svært tydeleg i barnehagen. Flekke barnehage er heilt full med venteliste. Dei siste åra har fleire born frå Flekke måtta starte i barnehage i Dale eller Våge fordi det ikkje har vore plass i Flekke, for så å flytte over når det har blitt ledig plass.

Dette meiner vi må vege tungt når framtida til skulen skal vurderast.

Vi snakkar ikkje om ei bygd der barnetalet er synkande. Tvert imot har vi ein full barnehage og eit lokalsamfunn som har opplevd vekst og tilflytting av barnefamiliar og unge par i etableringsfasen.

Borna som fyller barnehagen i dag, er dei framtidige elevane ved Flekke skule.

Når ei bygd opplever vekst, meiner vi det er svært uheldig å samtidig byggje ned eit av dei viktigaste tilboda som gjer bygda attraktiv for barnefamiliar. For fleire av familiane var Flekke skule avgjerande for at ein flytta til Fjaler.

Barnehage og skule er eitt oppvekstmiljø

Barnehagen og skulen i Flekke ligg ikkje berre i same bygg. Dei samarbeider tett, og borna blir kjende med kvarandre på tvers av alder.

Eit godt døme er dei faste dagane der skuleelevane kjem og les i barnehagen. Dette er stor stas for både barnehageborna og skuleelevane. Vi foreldre får høyre om desse stundene når borna kjem heim, ofte fortalt med stor entusiasme og glede.

Verdien går begge vegar.

Skuleelevane blir kjende med dei yngre borna og lærer å ta ansvar, vise omsorg og inkludere dei som er mindre enn seg sjølve. Barnehageborna får eldre born å sjå opp til – gode førebilete og kjende, trygge ansikt i skulemiljøet.

Desse relasjonane sluttar ikkje når skuledagen er over.

Når barnehageborna møter skuleelevane på skuleplassen eller elles i bygda på friitda, ser vi kor mykje desse relasjonane betyr. Dei minste ropar etter dei store borna når dei ser dei. Mange av skuleelevane stoppar, snakkar med dei og tek seg tid til å leike – også når dei sjølv har fri. Seinast forrige veke har vi eit døme på den fine relasjonen mellom borna. To av dei eldste elevane på skulen oppdaga at ein førsteklassing skulle gå heim. Då venta dei på førsteklassingen, slik at dei kunne ta følge. Dette er berre eit av mange slike augeblikk vi ser i kvardagen.

Dette kan sjå ut som små augeblikk. Men for oss som foreldre viser dei noko svært verdifullt:

Vi har eit lokalsamfunn der borna kjenner kvarandre, ser kvarandre og bryr seg om kvarandre på tvers av alder.

Ein heilt unik tryggleik i overgangen frå barnehage til skule

Overgangen frå barnehage til skule er ein stor milepæl i livet til eit born. For mange kan det vere spennande, men også stort og litt skummelt. I Flekke har vi i dag noko vi meiner er svært verdifullt: Borna får ein gradvis og trygg overgang til skulen, lenge før den første skuledagen kjem.

Barnehagen og skulen held til i same bygg og samarbeider tett, difor er ikkje skulen ein ukjend stad for borna våre. Dei kjenner bygget. Dei kjenner skuleplassen og uteområdet. Dei møter skuleelevane jamleg. Og ikkje minst: Dei blir kjende med dei vaksne på skulen.

Dei kjenner eldre elevar. Dei veit kvar dei skal gå, og dei har allereie fått erfare at skulen er ein trygg og naturleg del av kvardagen. For oss foreldre betyr denne tryggleiken mykje.

Det tette samarbeidet mellom barnehage og skule gjer også at dei vaksne rundt borna kjenner kvarandre og har gode føresetnader for samarbeid. Det skapar kontinuitet rundt bornet i ein overgang som elles kan opplevast som stor.

Det er ein kvalitet i oppvekstmiljøet vårt som er lett å miste – og svært vanskeleg å erstatte.

Vi meiner derfor at kommunen ikkje berre må vurdere kvar borna kan få undervisning. Ein må også vurdere kva slags skulestart og overgang vi ynskjer å gi dei aller yngste borna i kommunen.

Førskulegruppa i Dale sine to barnehager møtast ein gong i veka siste året i barnehagen. Korleis skal ein sikre denne overgangen for ungane i Flekke? Kven skal følgje dei, korleis skal ein organisere skyssen og kva vil det koste? Ikkje minst korleis skal kullet -21 integrerast når dei andre allereie har vore saman ein dag i veka i 3-4 månader før ei avgjerd om skulen vert tatt? Korleis handterer ein vidare logistikken for dei framtidige årgangane? For FAU framstår det ikkje som dette er noko kommunedirektør, administrasjon eller oppvekstsjefen har ein konkret eller gjennomførbar plan for. Noko vi stiller oss sterkt kritisk til.

Flekke er også eit internasjonalt lokalsamfunn

Flekke har ein situasjon som skil bygda frå mange andre små bygder. Gjennom UWC kjem elevar, tilsette og familiar frå heile verda til lokalsamfunnet vårt.

Nokre av familiane som kjem hit, har ikkje norsk førarkort eller eit førarkort som kan nyttast i Noreg over tid. For desse familiane er det særleg viktig å kunne gå eller sykle til barnehage og skule. I dag gjer nærleiken mellom bustad, arbeidsplass, barnehage og skule det mogleg for familiar å få kvardagen til å fungere utan å vere avhengige av bil.

Ei nedlegging av Flekke skule kan endre dette.

Borna frå UWC, som har foreldre utan norsk førarkort, kan ta buss til skulestart, men ikkje få transport til SFO. Dette kan vere ei stor utfordring for familiar, der begge foreldre jobbar fulltid. Då tidskjema med full arbeidsdag, utan moglegheit til SFO før og etter skuletid grunna mangel på skyss, ikkje vil gå opp.

Vi meiner derfor kommunen også bør vurdere kva konsekvensar ei skulenedlegging kan få for moglegheita UWC og andre lokale arbeidsgjevarar har til å rekruttere familiar til Flekke. Eit lokalsamfunn med både barnehage og grunnskule i nærmiljøet er noko heilt anna å flytte familien sin til enn eit lokalsamfunn der ein er avhengig av transport til ein annan stad frå den dagen det eldste barnet byrjar på skulen.

Flekke skule og barnehage gjer en kjempeinnsats for å integrere barnefamiliar frå UWC, som både er til glede for UWC-familiane, men også for lokalsamfunnet. Dersom kommunen vel å leggje ned Flekke skule, vel dei på same tid å gjere UWC til ein mindre integrert del av Fjaler. Dette vil ikkje berre vere eit stort tap for UWC, men også for Fjaler.

Arbeidsplassar, familiar og ein kvardag som må gå opp

Mange av dei store og viktige arbeidsplassane i kommunen ligg utanfor kommunesenteret Dale. Mellom anna UWC og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter gir mange arbeidsplassar i området. Norconsult har også verksemd her og ynskjer vidare rekruttering, og utviklinga på Lutelandet kan skape ytterlegare arbeidsplassar.

Dette betyr at mange familiar både bur og arbeider i Flekke og andre delar av kommunen.

Dersom Flekke skule blir lagd ned, kan kvardagen for desse familiane bli langt meir komplisert.

Foreldre som arbeider i Flekke eller lenger ute, kan måtte køyre frå Flekke til Dale for å levere born på skule/SFO, for deretter å køyre same vegen tilbake for å kome seg på arbeid. Om ettermiddagen må turen takast på nytt for å hente.

For familiar som samtidig har barn i Flekke Barnehage, kan logistikken bli endå meir krevjande.

Dette kan løysast praktisk ved besteforeldre og anna familie i nærområdet. Dersom tilflyttarar utan familie i kommunen skal få logistikken til å gå opp, kan dette bli svært utfordrande. Småbarnsforeldre er allereie pressa. For å behalde denne gruppa i kommunen må ein støtte dei så langt som mogleg. Å behalde Flekke Skule er ein god måte å gjere dette på.

Kva med miljørekneskapen?

Dette meiner vi også reiser eit viktig miljøspørsmål.

Ei skulenedlegging handlar ikkje berre om transporten kommunen organiserer for elevane. Ein må også rekne med all den ekstra køyringa som kan oppstå rundt SFO, arbeidstider, levering og henting av søsken i barnehagen, fritidsaktivitetar og andre delar av familiekvardagen. Det kan også føre til at familiar som i dag klarer seg med éin bil, i praksis blir avhengige av to. Dette gjeld fleire familiar som i dag har born på Flekke skule.

Dersom mange foreldre må køyre frå Flekke og andre delar av Fjaler til Dale, for så å køyre tilbake same vegen til arbeidsplassen sin – og gjenta dette om ettermiddagen – vil det bety mange ekstra kilometer på vegane kvar einaste veke.

Det er vanskeleg å sjå korleis dette harmonerer med eit mål om å redusere transportbehov og utslepp. Vi undrar oss også om Dingemoen sin parkeringsløysning kan tole den auka trafikken.

Vi meiner derfor at kommunen bør leggje fram ei vurdering av den samla transport- og miljøbelastninga ved ei eventuell skulenedlegging, ikkje berre kostnaden ved sjølve skuleskyssen.

Dersom bygget er for dårleg for skulen – kva med barnehagen?

Eit av argumenta som er løfta fram for å leggje ned Flekke skule, er tilstanden på bygget.

Samtidig skal Flekke barnehage halde fram i det same bygget inntil vidare.

Som foreldre til barn som skal vere der kvar dag, meiner vi dette reiser nokre heilt naturlege spørsmål:

Dersom bygget er i så dårleg stand at det er eit argument for å leggje ned skulen, korleis er det då vurdert som godt nok for barnehageborna?

Dersom bygget har eit reelt og omfattande behov for rehabilitering, må kommunen uansett finne ei langsiktig og forsvarleg løysing for barnehagen. Det vil anten innebere investeringar i eksisterande bygg (noko vi samfunns- og miljømessig tenkjer er den beste løysinga) eller ein ny barnehage.

Desse kostnadene må vere med når ein samanliknar dei økonomiske alternativa.

Det vil etter vårt syn gi eit ufullstendig bilete dersom behovet for investeringar i bygget blir brukt som argument for å leggje ned skulen, utan at ein samtidig synleggjer kva det vil koste å sikre eit godt og framtidsretta barnehagetilbod i Flekke.

Når det uansett må investerast i eit bygg for barnehagebarna, meiner vi kommunen bør undersøkje grundig om det finst løysingar som gjer det mogleg å vidareføre det samla oppvekstmiljøet med både barnehage og skule.

Som foreldre til born i barnehagen krev vi svar på kva som vil skje med barnehagen framover, dersom skulen blir lagt ned.

Kva skjer med barnehagen – og bygda – på lengre sikt?

Sjølv om barnehagen etter planen skal bestå, meiner vi det er nødvendig å sjå på kva ei skulenedlegging vil bety for barnehagen på lengre sikt.

Vil Flekke vere like attraktivt for småbarnsfamiliar dersom borna må reise ut av bygda kvar dag frå dei når skulealder?

Vil internasjonale familiar utan tilgang til bil kunne busetje seg her på same måte som i dag?

Vil arbeidsgjevarane i området ha dei same føresetnadene for å rekruttere arbeidstakarar med familie?

Og dersom færre barnefamiliar vel å etablere seg i Flekke, kva vil det igjen bety for barnetalet i Fjaler og grunnlaget for barnehagen i Flekke?

Ei avgjerd som i utgangspunktet handlar om skulestruktur, kan dermed få konsekvensar også for barnehagen, arbeidsplassane, busetjinga og utviklinga av heile lokalsamfunnet.

Sjå heile reknestykket

Vi har forståing for at kommunen står overfor vanskelege økonomiske prioriteringar. Men når ein vurderer ei så omfattande og irreversibel avgjerd som å leggje ned ein skule, meiner vi at heile reknestykket må fram.

Det handlar om meir enn driftskostnaden ved Flekke skule, det handlar om borna.

Flekke har noko mange små lokalsamfunn ynskjer seg: ein full barnehage, nye bustadar, tilflytting, store arbeidsplassar og familiar som ynskjer å bu her.

Vi meiner kommunen bør byggje vidare på denne utviklinga – ikkje risikere å svekkje ho.

Før ei endeleg avgjerd blir teken, ber vi derfor kommunen om å sjå barnehagen, skulen, arbeidsplassane og lokalsamfunnet som ein heilskap, og vurdere dei langsiktige konsekvensane av ei skulenedlegging – særleg når det er stilt spørsmål ved om nedlegginga faktisk vil føre til økonomiske innsparinger.

Å legge ned Flekke skule er eit irreversibelt tiltak, det unike oppvekstmiljøet i Flekke er lett å miste og svært vanskeleg å erstatte. Derfor ber vi dykk om å bevare Flekke Skule.

Når vi ser borna som fyller Flekke barnehage i dag, ser vi ikkje berre barnehagebarn. Vi ser framtidige skuleelevar.

Dei er framtida til Flekke skule – dersom dei får behalde han.

Med helsing

FAU i Flekke barnehage


Notat om saksutgreiing

Slik vi ser det er det manglar i saksutgreiing knytt til punkt for kvalitet, økonomi, bygningsmasse, lokalsamfunn, barnets beste og for barnehagen.

Både administrasjon og politikarar, bør vurdere om saksframlegg er forsvarleg opplyst. Eventuell endring av skulestruktur vil vere eit irreversibelt inngrep, dette skjerpar krav til saksutgreiing ytterlegare. Det er ingen grunn til å skunde seg for å «rekke» vedtak etter bestemt tidsplan. Det må vere langt viktigare å sikre at ein har eit riktig totalbilete i saka.

Politisk mandat og krav til saksutgreiing

Dersom kommunen ikkje legg fram sak som forskrift etter forvaltningslova er det i utgangspunktet kommunelova §13-1 tredje ledd som set krav til saksutgreiing ved at «Kommunedirektøren skal påse at saker som legges frem for folkevalgte organer, er forsvarlig utredet». Denne har klare fellestrekk med fvl.§§17 og 37. Kva som ligg i forsvarlig utgreiing må ein sjå mot relevante hensyn i opplæringsloven som til dømes barnets beste, som òg er lovfesta i grl.§104, samt politisk mandat som set krav til kva som skulle vurderast for å lage eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag for politikarane i denne saka. At vedtaket er irreversibelt taler ytterlegare for eit strengt krav til at sak er forsvarleg utgreia.

Utgangspunkt for vurdering av skulestrukturen i Fjaler er politisk mandat som er gitt av kommunestyret 11.12.2025. Dette mandatet står sentralt for vidare saksarbeid, og bør vere oppfylt for at saksførebuing skal reknast som «forsvarlig» ut frå kommunelova §13-1.

Mandatet viser til at følgjande:

“Administrasjonen har fått i oppdrag frå formannskapet i møte den 6.11.25 å utgreie dagens og alternativ skulestruktur i kommunen, med vurdering knytt til kvalitet, økonomi, elevprognosar, bygningsmasse og lokalsamfunn. Utgreiing skal legge grunnlag for å politisk drøfting og eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag.”

Grunnlag for saka om skulestruktur er altså at administrasjon skal utføre eit arbeid i lys av mandat som her er gjeve. Formannskapet likestiller her vurdering av kvalitet (1), økonomi (2), elevprognosar (3), bygningsmasse (4) og lokalsamfunn (5). Desse forholda skal vere gjort greie for på eit nivå som gjev grunnlag for politisk drøfting og «forsvarleg» avgjerdsgrunnlag. Dette kan sjåast mot krav i kommunelova §23 og fvl.§17 som allereie er gjort greie for.

Kommunestyret satt utover dette følgjande vilkår for mandat:

  1. Orientere om behov for klassedeling som følge av endring i skulestruktur (før bestilling av AK-rapport)
  2. Bestilling om teknisk tilstandsrapport av bygningsmassen
  3. Konsekvensar for barnehage i Flekke om skulen vert lagt ned skal vere ein del av rapport.
  4. Utgreiing om kostnadsreduksjon på Dingemoen.

Mandatet gjev føringar for kva kommunen skal vurdere i saksutgreiing. «Bestillinga» bør vere tydeleg svart ut i saksframlegg på alle punkt. Vår vurdering er at saksutgreiing ikkje er tilstrekkeleg til at saka er «forsvarlig opplyst», og at det dermed ikkje ligg føre grunnlag for å stemme for ei eventuell endring av skulestruktur.

Kvalitet

Spørsmål om kvalitet er omtalt. Det er framheva positive sider ved større fagmiljø. I tabell på s.93 konkluderer rapport med ein «+» på flytting av elevar frå Flekke skule til Dingemoen skule. Vi stiller spørsmål til dette. Noterer at leiing i administrasjon under folkemøtet i Flekke stadfesta at ein ikkje kan garantere at kvalitet vil auke som følgje av endring i struktur, og dermed at det ikkje nødvendigvis var reelt med ein «+» i kvalitet ved at elevar vart flytta frå Flekke skule til Dingemoen skule. Dette tilseier i seg sjølv at ein ikkje bør legge til grunn auka kvalitet som følge av alternativ 1 i rapport. Saksframlegg bør presisere dette.

Saksutgreiinga manglar ei konkret og fagmessig analyse av kva kvalitetane ved dagens oppvekstsenter faktisk utgjer. Dagens skuletilbod i Flekke er kjenneteikna av høg fagleg stabilitet, eit unikt lågt sjukefråvær (1,46 % i snitt) og ein integrert overgang frå barnehage til skule. Dei pedagogiske og sosiale kvalitetane ved ein fådelt skule – herunder aldersblanda læring, tilpassa opplæring og tidleg oppdaging av utanforskap – er heilt utelatne frå administrasjonen si vurdering. For ei utdjupande pedagogisk og fagleg skildring av kvalitetane ved Flekke skule viser vi til innspel frå FAU Flekke skule.

Økonomi

Framstår som hovudvurdering i AK-rapport. Tydeleg at denne er omtvista i lys av andre innspel, folkemøte og mediaoppslag. Vi stiller oss kritisk til vurderinga, og presiserer at ein bør vere rimeleg trygg på vurdering her ettersom denne er antatt å vege tyngst for administrasjon.

Administrasjonen har unnlate å utgreie eit reelt «Alternativ 0». Før kommunestyret kan ta stilling til nedlegging, pliktar forvaltninga å vise kva innsparingar som kan hentast ut ved å optimalisere dagens skulestruktur. Utan at desse interne effektiviseringstiltaka er rekna ut som eit økonomisk nullpunkt, manglar kommunestyret eit faktisk samanlikningsgrunnlag for å vurdere om ei nedlegging i det heile tatt gir ein netto økonomisk gevinst for kommunen - på lang sikt.

For barnehagen sin del vert det presisert her at rapporten ikkje omtalar barnehagestrukturen. Barnehagen er integrert i dagens skulebygg. Rapport drøftar rehabilitering og oppføring av ny barnehage, men konkret plan for framtidig barnehagestruktur må vere ein del av økonomisk framstilling.

Andre relevante hensyn under økonomi kan vere forhold som skuleskyss og SFO, auka privatbilisme, miljøbelastning, framtidige investeringar i barnehagebygget, attraktiviteten til Flekke som bustadområde, rekruttering til lokale arbeidsplassar og kva konsekvensar nedlegging kan få for vidare tilflytting.

Elevprognosar

Rapport indikerer stabilt nivå i Flekke dei neste 15 åra, og dermed ingen venta fall i elevtal. Vi meiner dette taler for å oppretthalde struktur slik den er i dag. Nedlegging av skulen i ei bygd som er i vekst og har eit tydeleg positivt momentum vil vere negativt på dette punkt. Framtidige elevprognosar taler for å oppretthalde skulestruktur.

Bygningsmasse

Det var krav frå kommunestyre om at det skulle bestillast teknisk tilstandsrapport for bygningsmassen. Det er henta inn rapport om forenkla tilstandsvurdering. Denne er av overordna karakter og ikkje i samsvar med NS for tilstandsanalyse av byggverk. Vurdering er gjort med bakgrunn i visuell befaring, samtale med driftspersonell og tilgjengelege teikningar. Rapport fastset ikkje tilstandsgrad.

Mandat viser til at det skal gjerast ei teknisk vurdering av bygg, ikkje ei forenkla tilstandsvurdering. Vidare presiserer mandat at dokumentasjonen i saka skal legge grunnlag for forsvarleg avgjerd for politisk behandling. Dette indikerer at det bør gjerast ei grundigare tilstandsvurdering av bygget.

Lokalsamfunn

Vi vurderer at det er klare manglar sett mot mandatet som er blitt gitt på dette punktet.

Kommunedirektøren har i skriftleg svarbrev til styringsgruppa (datert 20.08.2026) stadfesta at det ikkje er gjennomført ei lokalsamfunnsanalyse i denne saksbehandlinga. I staden har Agenda Kaupang berre víst til ein generell rapport frå Telemarksforskning (kap. 2.5). Samstundes slår rapporten frå Agenda Kaupang og tilrådinga frå kommunedirektøren fast at nedlegging av Flekke skule er det tiltaket som vil ha størst negativ konsekvens for lokalsamfunnet.

Ei generell skildring oppfyller ikkje mandatet sitt krav om ein konkret konsekvensanalyse for Flekke. Flekke har hatt ein særleg positiv demografisk trend dei siste åra, med full barnehage, nybygging og eit aktivt næringsliv. Vår vurdering er at risikoen av å legge ned nærskulen i eit slikt lokalsamfunn vil medføre:

Desse negative konsekvensane vert underbygde av nasjonal forsking. NOU 2026:2 gjer greie for årsakane til låge fødselstal dei siste 15 åra. Pkt. 15.1.3 slår fast at systematisk forsking viser at nedlegging av skular i små lokalsamfunn forsterkar befolkingsnedgang dersom ein ikkje gjer konkrete førebyggande tiltak. For ei utdjupande skildring av dei konkrete konsekvensane for UWC-familiar, næringsliv og kvardagslogistikk viser vi til innspel frå FAU Flekke skule.

Manglande loksalsamfunnsanalyse
Kommunedirektøren har bekrefta ovanfor styringsgruppa - svarbrev datert 20.08.2026 at det ikkje er gjennomført ei lokalsamfunnsanalyse - og dermed eit klart mandatsavvik i denne prosessen.

Heilskapleg vurdering av konsekvens for lokalsamfunn må vere ein del av saksprosess, samt planlegging av overgangstiltak og avbøtande tiltak for å «hjelpe» loksalsamfunn dersom ein utfører endring.

Konsekvensar for lokalsamfunn skal i følge mandat greiast ut på eit nivå som gjev forsvarleg avgjerdsgrunnlag i saka. Dette inneber at avgjerdsgrunnlag må legge eit forsvarleg grunnlag for å vurdere dei konkrete konsekvensane for lokalsamfunnet ved eventuell nedlegging av Flekke skule. Dette føreset at vurdering av lokalsamfunn er gjort konkret, og ikkje på eit generelt nivå.

Noverande saksutgreiing av konsekvens for lokalsamfunn er ikkje i samsvar med mandat i sak, og dermed ikkje i samsvar med krav til saksutgreiing i kommunelova §13-1 dersom ein stemmer for nedlegging av skulen.

Telemarksforskning – rapport 931 - skolenedleggelser
Administrasjon viser til ein nasjonal forskningsrapport som Agenda Kaupang har lagt til grunn for lokalsamfunnskonsekvensar av ei skulenedlegging - Telemarksforskning - Rapport 931 Skolenedleggelser.

Vi ynskjer å belyse nokre punkt som nettopp denne rapporten viser til som talar mot skulenedleggelse:

Barnets beste

Omsynet til barnets beste skal vere ei sentral vurdering i saka jf. opplæringslova §10-1 og grl.§104.

Det føreligg ingen dokumenterte, individuelle vurderingar av elevane si auka reisetid, tryggleik på skulevegen, tapt kvardagstid og SFO-tilbod. Dette bryt med Sivilombudet sine føringar for skuleplassering, som krev at barna sine rettar og deira beste skal dokumenterast før vedtak blir gjort. Dette grunnleggjande omsynet er ikkje juridisk oppfylt i denne saka.

Når det gjeld dei pedagogiske og sosiale fordelane ved ein fådelt skule, samt fordelen med å ha fleire skular å spele på, viser vi til den utdjupande greininga i innspelet frå FAU Flekke skule.

Omsynet til barnets beste er heilt i sentrum av vurdering i saka. Slik vi ser det er det ikkje tilstrekkeleg å vise til at det vert handtert seinare i prosess, ettersom det er eit tungtvegande argument i spørsmålet om ein skal gjer endring i struktur eller ikkje. Her må det etter vårt syn gjerast ytterlegare vurderingar.

Konsekvensar for barnehagen

Politisk mandat viser til:

«Konsekvensar for barnehage i Flekke om skulen vert lagt ned skal vere ein del av rapport.».

Vi kan ikkje sjå at desse konsekvensane er tilstrekkeleg vurdert. Rapport viser til:

AK-rapport viser sjølv til at «Ved vurdering av framtidige løsninger er det naturlig å se barnehage og skole i sammenheng.».

*Mandat føreset vurdering av konsekvensar for barnehagen – denne ligg ikkje føre! *

Bør verkeleg ha ein plan for kva som skal skje med barnehagestruktur før ein tar eit valg i saka. Einingane heng saman i samlokalisert drift. Det verkar uavklart kva ein skal gjer vidare med barnehagen her. Om den skal vere som den er, om den skal oppgraderast ved rehabilitering, eller om nybygg er eit tema (slik rapport nemner). Eventuelle tiltak og investeringar her må bli vurdert i samband med sak om skulestruktur, ettersom desse to forholda heng så tett saman! Manglande vurdering av barnehagestrukturen her svekkar inntrykket av at ein har reell oversikt over det økonomiske bilete, og er i strid med mandat.

Oppsummering

Vår oppfatning er her at det ligg føre mangelfull vurdering på fleire punkt som etter mandat og lovverk skulle vore vurdert. Slik vi ser det oppfyller ikkje noverande saksframlegg krav til forsvarleg saksutgreiing. Vår oppfatning er vidare at manglande vurdering på desse punkt vil ha verknad for endeleg avgjerd i sak, ettersom det gjeld manglar i kunnskapsgrunnlaget. Vedtak om nedlegging av skule utan ytterlegare utgreiing vil dermed kunne føre til ugyldig vedtak jf. fvl.§41.

Saka har stor betyding for mange, og er av ein permanent karakter. Ein bør verkeleg ikkje «forhaste» seg med å gjer ei avgjerd her. Vi ynskjer så klart at ein vedtar å behalde skulestruktur slik den er. Skulle ein likevel komme til at ein ser på løysing om å endre struktur må ein ta seg tid med saka slik at ein får vurdert alle forholda på ein god måte.

FRAMLEGG TIL VEDTAK

  1. Fjaler kommunestyre vedtek at Flekke skule vert opprettheldt i noverande struktur - “Alternativ 0”.

  2. Saksgrunnlaget i sak 074/25 vert sendt i retur til administrasjonen for ytterlegare saksutgreiing for å sikre eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag i saka.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.