← Full visning

Flekke – eit utstillingsvindauge

Ragnhild B. Follevåg · 21. oktober 2026

Dei aller fleste butikkar har eitt eller fleire utstillingsvindauge. Her jobbar eigaren for at butikken eller bedrifta skal framstå så bra som mogleg. Håpet er at folk som går forbi skal bli nysgjerrige og stoppe opp, og aller helst skal det vere så attraktivt at dei går inn døra.

Den lille bygda Flekke er eitt av dei viktigaste utstillingsvindauga til Fjaler kommune.

Til bygda Flekke kjem det kvart år 1000 pasientar for rehabilitering på det største rehabiliteringssenteret på Vestlandet. Dei fleste kjem hit frå Bergens-området. Andre kjem tilreisande frå små krikar og krokar i Vestland eller kjem med fly frå ulike kantar av landet. Det er Flekke som er målet for reisa, og her bur dei i fleire veker. Mange pasientar seier at dei aldri gløymer denne staden, for det var her livet deira tok ei ny vending.

Til bygda Flekke kjem sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, ernæringsfysiologar, legespesialistar og forskarar anten for å jobbe, for å vurdere og jobbe, eller for å besøke senteret. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg svært langt framme på sitt felt, og tiltrekker seg kvart år mange høgt kompetente fagpersonar. Ein stor del av dei tilreisande kjem sørfrå og kjem til Fjaler og bygda Flekke utan nokon gong å sjå kommunesenteret Dale.

Til bygda Flekke kjem det kvart år 900 tilreisande til leirskule; det er både elevar og lærarar frå heile Vestlandet. For fleire av borna er dette aller første reise bort frå foreldra. For mange er det ei stor oppleving å vere heimafrå for ei veke, og heilt nye erfaringar blir skapt. Det er i Flekke dette skjer, at leirskuleborna blir trygge på fjorden og får kjenne på meistringa i klatreveggen, og det er her ifrå dei får reise heim att, meir sjølvstendige og med minne for livet.

I bygda Flekke bur det til ei kvar tid 200 ungdomar frå alle hjørne av kloden. Frå millionbyane i Texas og steppene i Mongolia, frå sola i Nairobi og fjella i Peru, frå krigen i Ukraina til freden i Fjaler. Dei kjem til UWC Røde Kors Nordisk frå om lag 90 ulike nasjonar og skal bu og leve i Flekke i to år. Kor mange unge vaksne har ein vel ikkje treft rundt omkring i verda, som seier at dei sjølvsagt veit kor Flekke er; for der har dei anten gått på skule, eller så kjenner dei nokon som har vore der!

Til bygda Flekke kjem høgt utdanna lærarar frå heile verda for å undervise elevar i den anerkjente IB-utdanninga. Fleire kjem til Flekke med partnar og born, og mange gjer dette til sin nye heim. Ungane går inn porten til barnehagen og skulen, og på kort tid snakkar guten frå Italia og jenta frå India som sunnfjordingar.

Til bygda Flekke kjem det kvart år mellom 1000 og 1500 deltakarar på leirar og samlingar, og i tillegg kjem alle som skal jobbe på leirane. Her er Røde Kors sine ferieleirar, der familiar som ikkje sjølv kan reise på ferie får tilbod om Ferie for alle. Her får born og ungdom utfalde seg på fjorden, i bassenget og på bogeskytingsbana. Dei meistrar nye ting, får nye venar, og får kjekke opplevingar dei kan fortelje om når dei kjem heim.

Til bygda Flekke kjem nasjonale og internasjonale personlegheiter for å besøke det unike miljøet ved UWC. Her held dei høgaktuelle føredrag som tar pulsen på det som skjer i landet og verda akkurat no. Dette er folk som “alle” vil ha tak i, og dei kjem hit til Fjaler! Og når desse namna kjem for å besøke kommunen vår, så er det vetle Flekke som er målet for besøket.

Til bygda Flekke kjem dei som skal bygge landets største kraftanlegg. I denne lille bygda er det kompetanse i landstoppen, og for utbyggar er det ein føresetnad at arbeidet skal styrast frå Flekke. Her snakkar vi ikkje om ein avtale verdt mange millionar; vi skal gonge med tusen og kjem til mange milliardar! Kor mange bedrifter rundt oss har avtaler på dette nivået? Dette er ikkje noko som skjedde ein gong på 80-talet eller 90-talet, som vi no kan sitte og fortelje historier om. Dette skjer i dag, rett framfor auga våre i 2026.

Til bygda Flekke kjem barnefamiliane og slår seg ned. Det kjem opp stadig nye hus, og det trillar stadig nye barnevogner langs vegane. Folketalet i Flekke har til alle si glede auka med 20 % dei siste ti åra. Dette er sterkt medverkande til at Fjaler kommune trassar alle statistikkar og kan slå i bordet med auke i folketalet. Kvifor kjem dei unge til Flekke og vil ha framtida si akkurat her? Her er jo alt dei treng; ein trygg og god barnehage, ein svært kompetent barneskule, verdas beste Joker-butikk som er bygdas daglege møteplass, her er postkontor og kafé, her er hyggelege naboar, spennande arbeidsplassar og eit unikt internasjonalt miljø.

Til bygda Flekke kjem Dronning Sonja på regelmessige besøk, ho som har hatt heile landet og verda som sin arbeidsplass. Dei fleste er lykkelege om kongen eller dronninga kjem éin gong til deira kommune i si levetid, men til Flekke kjem Dronninga annakvart år. Kva andre bygder er i ein slik posisjon? Og kva er det vi vil at Dronninga og heile hennar følgje skal sjå når dei kjem til Fjaler?

Ja, for når alle desse kjem hit, kva er det dei skal sjå i dette utstillingsvindauget når dei svingar av til Flekke? Er det først ein stengt butikk, deretter ein nedlagt skule, ein tom ballbinge, ein skuleplass utan ungar og stadig fleire mørklagde hus? Er det dette bildet dei skal få av ei så framoverlent og livskraftig bygd? Nei, vi kan berre ikkje komme dit! Dei som kjem må i staden få auge på energien som bur i denne særeigne bygda i ein liten, men særdeles modig kommune.

For denne kommunen har våga å satse stort på "ville" prosjekt, mykje større enn oss sjølv. Vi har våga å gå inn i det ukjente, fordi vi hadde tru på at det ville gi vekst og utvikling. Dette motet har skapt det unike i Fjaler, og gjort den lille kommunen kjent langt utover landegrensene. Her ligg og ein lang og sterk tradisjon for å satse på og ivareta skulane, ein av dei sterkaste identitetane til Fjaler kommune.

Eg er sjølv ein av dei som kom tilreisande til Fjaler, ein kommune eg aldri før hadde høyrt om. Etter oppvekst og studietid i Bergen, og eit år på reise uti verda, skulle eg ha eitt år «på landet» som turnuskandidat. Denne hausten er det 25 år sidan eg tilfeldigvis kom hit - og eg er her framleis. Det begynte med ein attraktiv arbeidsplass, deretter forsterka det positive inntrykket seg med eit internasjonalt miljø, vakker natur og trivelege fjalerbuar. Den eine fjalerbuen var så triveleg at eg er gift med han i dag!

Eg har busett meg i kommunen, fødd ungar til kommunen, eg betaler skatt til kommunen og er engasjert frivillig i kommunen. Eg vart glad i Dale, skiturane i Norddalen, dei gode folka i Guddalen og utsikta frå Einingsfjellet, men det var Flekke som vart mi bygd. For det eg fann når eg kom dit, det var så forlokkande og så attraktivt. Dette utstillingsvindauget var sterkt medverkande til at eg gjekk inn døra og vart verande.

Det vi ikkje visste noko om då vi etablerte oss, var den store betydninga Flekke skule og barnehage skulle få for vår kvardag. Vi fekk gleda av å følge tre gutar frå dei gjekk inn grinda for første gong, til dei gjekk ut porten klare for ungdomsskulen. Det er berre å ta av seg hatten for den tryggleiken og kompetansen dei tilsette formidla. Her vart ungane sett, alle på sine måtar, og dei tilsette kjente barna, foreldra og lokalsamfunnet.

På denne skulen fekk borna utfordringar tilpassa dei, og dei fekk stadige erfaringar med å meistre nye situasjonar, både sosiale, kulturelle og faglege. I ti år var vi foreldre ved Flekke skule, og tar vi med barnehagen, kan vi plusse på fem år til. Vi veit kva denne skulen leverer, vi har sett kva individuell oppfølging er, og vi har sett kva det gjer med born å få vakse opp i eit nært og trygt skulemiljø, i ei bygd som kjenner dei. Gutane våre har trivest svært godt og har fått med seg kunnskap, venskap og verdiar for livet. Det er ingenting vi heller vil enn at dagens og framtidas born i Flekke skal få oppleve det same.

Kjære kommunedirektør, ordførar og folkevalde. Vi er mange som har stor respekt for oppgåva de står overfor. Vi veit at det handlar om å få tal i balanse, og vi forstår at ingen av dykk ynskjer å vere der vi er i dag.

Vi er likevel svært uroa for at ringverknadane av å legge ned Flekke skule er langt meir negative enn det eit konsulentselskap kan fange opp i ein rapport. Kva er grunnen til at så mange unge vil bygge framtida si i Flekke? Kva er årsaka til at pilane peikar oppover? Det er på grunn av det som er her i dag og den offensive og positive utviklinga vi ser m.a. hos bedriftene. Vi er på så god veg oppover; her er mengder av energi, tusenvis av arbeidstimar og massevis av pågangsmot. Lat oss få halde fram i den gode flyten vi er i no!

For dette er ikkje eit opprop mot Dale, mot Dingemoen eller mot andre bygder i kommunen. Dette er eit opprop for Fjaler! For saman utgjer vi Fjaler kommune. Saman jobbar vi kvar dag for den sterke identiteten og krafta vi er kjent for. Saman bygger vi, på kvar våre måtar og med kvar våre styrkar. Så treffer vi med det ulike folk som alle får si eiga oppleving av kommunen.

Forteljinga om Fjaler vert skriven kvar dag, men nokre dagar er merkedagar meir enn andre. Det er dei dagane ein står ved vegskilje og må ta val for kor vegen skal gå vidare. Det er ved eit slik punkt vi står no, der forteljinga om denne kommunen si framtid blir skriven.

For kva bilde skal dei sjå, dei som i framtida kjem til Flekke; er det eit tomt og støvete utstillingsvindauge, som vitnar om noko som ein gong var? Eller skal livsglede, barnefamiliar, spennande arbeidsplassar, og lys i husa vere deira oppleving av Fjaler? Eg håpar av heile mitt hjarte det siste. Då vil folk og i framtida stanse opp framfor dette vindauget, nyfikne og kanskje litt oppstemte, og stadig nye folk vil gå inn døra til vår kommune og bli verande.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.