Privat høyringsinnspel i skulestruktursaka
Våge må få halde fram som barne- og ungdomsskule
Eg meiner Fjaler kommune bør avvise alternativ 3 og vidareføre Våge som 1.–10.-skule.
Eg har forståing for at kommunen er i ein økonomisk situasjon som krev innsparing, og eg meiner heller ikkje at Våge skule skal skjermast frå krav om effektiv drift. Men når ein skal gjere ei permanent strukturendring med konsekvensar for elevar, familiar og samfunnsutvikling i ytre Fjaler, må den økonomiske gevinsten vere både reell og stor nok til å forsvare konsekvensane og risikoen.
Etter å ha gått gjennom Agenda Kaupang-rapporten og kommunen sitt eige høyringsgrunnlag, meiner eg ikkje at alternativ 3 tilfredsstiller dette.
Kommunedirektøren tilrår heller ikkje alternativ 3, og utifrå AK sin rapport, tolkar eg alternativ 3 meir som eit samanlikningsalternativ.
Eg vil særleg peike på kva kommunen faktisk kan spare, kva kostnader som ikkje er rekna inn, og kva ei flytting av ungdomstrinnet kan bety for ytre Fjaler på lengre sikt.
Kva kan kommunen faktisk spare
I høyringsgrunnlaget er den langsiktige innsparinga ved alternativ 3 sett til om lag 2,58 millionar kroner årleg. Av dette kjem om lag 2,1 millionar frå undervisning, 140 000 kroner frå bygningsdrift og rundt 0,5 millionar frå lågare kapitalkostnader. Samstundes aukar skuleskyssen med om lag 200 000 kroner. Kommunen omtalar sjølv den kortsiktige innsparinga som om lag 2,1 millionar og den langsiktige som om lag 2,6 millionar.
Mykje av dette er modellberekningar. Kommunen har enno ikkje vist kva konkrete budsjettkutt dei svarar til.
Agenda Kaupang sitt datagrunnlag for 2025/26 viser 44 elevar ved Våge, der 19 gjekk på ungdomstrinnet. Ved skulestart 2026 opplyser kommunen at det faktiske talet på ungdomstrinnet er 11 elevar.
Eg meiner dette er vesentleg når hovuddelen av innsparinga nettopp blir forklart med at elevar blir flytta frå ein skule med høgare kostnad per elev til ein større skule med lågare kostnad per elev.
Det betyr ikkje at ein berre kan dele 2,1 millionar på 19 og gange med 11 og kalle resultatet den faktiske innsparinga. Bemanning fungerer ikkje så lineært. Men nettopp derfor meiner eg at 2,1 millionar kroner heller ikkje bør behandlast som ei sikker innsparing før kommunen har vist kva konkrete stillingar og årsverk som faktisk kan takast bort ved Våge, og kva ressursar som eventuelt må aukast ved Dingemoen.
Agenda Kaupang skriv sjølv at alternativ 3 berre gir ein avgrensa økonomisk effekt fordi store delar av kostnadsstrukturen ved Våge blir ståande. Skulen, bygget, leiing og barnetrinn skal framleis driftast.
Om lag 0,5 millionar kroner av den oppgitte årlege innsparinga er ikkje ei direkte driftsinnsparing. Ho kjem av at Agenda Kaupang føreset eit framtidig investeringsbehov på 30,2 millionar kroner dersom Våge held fram som 1.–10.-skule, mot 19,5 millionar kroner dersom ungdomstrinnet blir flytta. Differansen blir rekna om til om lag 543 000 kroner lågare årlege kapitalkostnader.
Eg stiller meg likevel undrande til korleis investeringsbehovet på Våge har utvikla seg gjennom utgreiinga. I den førebelse Agenda Kaupang-rapporten vart det skrive at Våge ikkje hadde behov for omfattande renovering eller tilbygg/nybygg, og det vart lagt opp til vedlikehald og enkel ombygging av eksisterande areal. I den seinare rapporten er det derimot lagt inn eit tilbygg på 315 m² til 18,9 millionar kroner, slik at den samla modellkostnaden blir 30,2 millionar. Eg kan ikkje sjå at det er tydeleg forklart kva som endra seg mellom desse to vurderingane, og kvifor eit slikt tilbygg no skal vere ein føresetnad for å halde fram som 1.–10.-skule.
Den tekniske tilstandsvurderinga av Våge skule skildrar dessutan bygget som ein god og robust konstruksjon som overordna er i god stand og fungerer godt som skulebygg. Det er sjølvsagt vedlikehalds- og oppgraderingsbehov, men det er noko anna enn at kommunen må byggje ut skulen etter Agenda Kaupang sitt «moderne romprogram». Eg meiner derfor det er legitimt å stille spørsmål ved om AK sitt romprogram skal leggjast til grunn som ein nødvendig standard, eller om eksisterande areal kan nyttast og utviklast langt meir nøkternt.
Dette blir endå viktigare etter kommunestyret sitt vedtak 20. august. Kommunestyret la då til alternativ 4: vidareføring av dagens struktur utan større investeringar dei komande åra. Vedtaket omtalar dette uttrykkeleg som eit «faktisk 0-alternativ», med investeringskostnad sett til 0, og seier at alternativet skal vurderast på lik linje med dei andre. Når dette no er eit fullverdig samanlikningsalternativ, kan ein etter mi vurdering ikkje samtidig framstille dei om lag 543 000 kronene i kapitalkostnader som ei reell innsparing ved alternativ 3 samanlikna med nullalternativet. Den innsparinga oppstår berre dersom ein først legg til grunn at kommunen elles skal gjennomføre den store investeringa som AK har modellert.
Dette er ikkje eit argument for at Våge aldri skal vedlikehaldast eller oppgraderast. Det er eit argument for at ein ikkje bør føre ei hypotetisk framtidig investering som om ho var ein sikker kostnad ved å behalde ungdomstrinnet, særleg når kommunestyret sjølv har vedteke at eit alternativ utan større investeringar skal utgreiast og vurderast.
Dei 2,58 millionane er dermed eit anslag som er avhengig av bestemte føresetnader, ikkje ei garantert årleg innsparing.
Eg meiner denne uvissa gjer eit svakt økonomisk grunnlag for ei så omfattande og permanent endring.
Kostnader som må med i vurderinga
Rapporten «Skolenedleggelser – Om prosesser, konsekvenser og lokale slagmarker» frå Telemarksforsking og Nordlandsforskning er relevant her. Han vart publisert i april 2026 på oppdrag frå Fellesskoleutvalet og finansiert av Kunnskapsdepartementet. Forskarane har undersøkt både tilsikta og utilsikta konsekvensar av endringar i skulestruktur. Agenda Kaupang viser sjølv fleire gonger til denne forskinga i rapporten sin.
Eitt av råda forskarane gir kommunane er å gjere ei realistisk vurdering av dei økonomiske gevinstane, i tillegg til å vurdere konsekvensane for lokalsamfunnet heilskapleg og planleggje overgangs- og avbøtande tiltak.
Dette er viktig fordi kommunen sjølv peikar på tiltak som kan bli nødvendige dersom ungdomstrinnet ved Våge blir flytta: betre tilpassa skuleskyss, styrking av lokale tiltak ved skule og barnehage, oppfølging av lokale møteplassar og fritidsaktivitetar og vurdering av korleis ledig kapasitet i skulebygget skal nyttast.
Desse tiltaka er ikkje prissette i innsparingstalet på 2,58 millionar.
Kva vil skuleskyssen koste
Agenda Kaupang legg inn om lag 207 000 kroner i auka skuleskyss ved alternativ 3. Dette ser ut til å vere eit modellert kostnadsanslag, ikkje ein dokumentert pris på ei konkret skyssløysing frå ytre Fjaler til Dingemoen og tilbake.
Det går allereie buss frå delar av ytre Fjaler til Dale, men dagens rutetider er ikkje tilpassa skuledagen på Dingemoen utan endringar. Særleg returen etter skuletid er ei utfordring, og elevar frå dei ytre delane av krinsen vil krevje mating eller parallelle løysingar. Agenda Kaupang peikar sjølv på at det må organiserast parallell skyss frå fleire stader til Dale, og at dette kan gje vesentlege utfordringar i skysstilbodet.
Eg meiner derfor kommunen må hente inn ei konkret vurdering frå Skyss av ruteopplegg, reisetider og kostnad for kommunen. Om lag 200 000 kroner kan vise seg å vere eit realistisk anslag, men dokumentasjonen som ligg føre, gjer ikkje grunnlag for å vere sikker.
I tillegg kjem sjølve overgangen. Agenda Kaupang peikar på at nokre elevar vil trenge særskilt oppfølging, og at lange reisevegar kan påverke tid til lekser, kvile, fritidsaktivitetar og sosial deltaking. Som igjen går utover lokale lag, og næringsliv.
Det betyr ikkje at alle desse forholda nødvendigvis vil utløyse nye kommunale utgifter. Men det betyr at dei heller ikkje utan vidare kan setjast til null kroner.
Når innsparingane får ein konkret sum, medan fleire moglege kostnader berre blir omtalte i tekst, kan alternativet sjå sikrare og meir lønsamt ut enn det faktisk er.
Kva skjer med kvaliteten på skulane
Agenda Kaupang gir alternativ 3 positiv vurdering på kvalitet, med forventning om at eit større ungdomstrinn kan gi større fagmiljø, meir fagspesialisering og større sosialt miljø. Men rapporten understrekar samtidig at forskinga ikkje viser ein enkel eller eintydig samanheng mellom skulestorleik og læringsutbytte.
Når Fjaler kommune vurderer akkurat Våge-alternativet, blir biletet endå meir nyansert. I sakspapira les vi at fordi det er få elevar som blir flytta, vil effekten på det større fagmiljøet ved Dingemoen truleg vere ubetydeleg. Samtidig peikar kommunen på at Våge kan miste fagmiljø, fleksibilitet og den dynamikken som ligg i å vere ein 1.–10.-skule, og at Våge over tid har vore ein positiv bidragsytar til kvaliteten i Fjalerskulen. I kommunen si eiga samla vurdering får alternativ 3 derfor 0 på kvalitet.
Ein mogleg kvalitetsgevinst på Dingemoen må vegast mot lang reiseveg, tap av 1.–10.-miljøet og andre negative konsekvensar. Kommunen si eiga vurdering er at den samla kvalitetseffekten er liten eller ingen. Eg meiner vurderinga burde vore negativ, fordi kvaliteten ved den attverande barneskulen på Våge etter mi vurdering vil bli vesentleg svekt.
Kva kan ytre Fjaler tape på ei flytting
Kommunen skriv sjølv at ytre Fjaler har gått frå 636 til 568 innbyggjarar på ti år. Endå viktigare er kommunen si eiga vurdering av alternativ 3: ei flytting av ungdomstrinnet vil etter kommunen si vurdering forsterke den negative utviklinga.
Når kommunen meiner ei flytting vil forsterke nedgangen i folketalet, er det vanskeleg å forstå at dei moglege økonomiske følgjene ikkje blir vurderte nærare i innsparingsrekneskapen.
Kommunen viser sjølv til Bue Salmon på Lutelandet, som reknar med 30–40 nye arbeidsplassar i første fase, og kommunen skriv at selskapet eksplisitt har peikt på skule og barnehage som viktige for etableringa.
Eg vil også peike på rekrutteringa til Dale vidaregåande skule. Kan tre år med lang dagleg reise til Dingemoen gjere elevar frå ytre Fjaler mindre motiverte for å søkje vidaregåande opplæring i Dale? Kommunen understrekar at Dale vidaregåande skule er svært viktig for både kompetanserekruttering og tilflytting. Eg kan ikkje slå fast at elevane vil velje annleis, men meiner dette er ein mogleg konsekvens som må vere med i risikovurderinga.
Med nye arbeidsplassar på veg meiner eg tidspunktet er særleg dårleg for å svekkje det lokale oppveksttilbodet.
Det avgjerande er ikkje berre om Bue Salmon skaper 30 eller 40 arbeidsplassar. Det avgjerande for Fjaler kommune er kor mange av arbeidstakarane og familiane deira som faktisk vel å busetje seg i kommunen – og i ytre Fjaler – framfor å pendle hit frå nabokommunar.
Telemarksforsking peikar på at vi framleis veit for lite om dei langsiktige verknadene av skulenedleggingar på kommuneøkonomi, næringsliv og folketal. Forskinga gir derfor ikkje grunnlag for å seie at ei endring ved Våge vil føre til eit bestemt tal utflyttingar. Men for oss som bur her, er tanken om å flytte for å unngå at barna må skyssast til Dingemoen, ikkje framand.
Denne risikoen må takast på alvor når kommunen vurderer om ei mogleg innsparing på 2–2,6 millionar kroner forsvarar tiltaket.
Nokre få familiar kan ha mykje å seie
SSB oppgir at Fjaler hadde 2 975 innbyggjarar i andre kvartal 2026. I framlegget til statsbudsjett for 2026, lagt fram 15. oktober 2025, vart kommunen sine frie inntekter anslått til 310,745 millionar kroner. Det er dette anslaget eg nyttar i illustrasjonen nedanfor.
Det svarar til om lag 104 450 kroner i frie inntekter per innbyggjar i gjennomsnitt.
Dette er ikkje eit overskot per innbyggjar, og heller ikkje beløpet kommunen får eller mistar når éin person flyttar. Frie inntekter omfattar skatt og rammetilskot, og alle delane varierer ikkje direkte med folketalet. Innbyggjarane utløyser også kommunale kostnader, og inntekter og utgiftsbehov varierer mellom aldersgrupper. Tabellen er derfor berre ei rekneillustrasjon av storleiksordenen, ikkje ei berekning av inntektstap eller netto økonomisk verknad av utflytting.
Dersom ein for enkelheits skuld brukar fire personar per familie:
* Enkel illustrasjon i 2026-kroner, utan diskontering og utan å trekkje frå kommunale utgifter.
| Forskjell i busetjing | Tal | Frie inntekter i 2026, gjennomsnittleg storleiksorden | Over 10 år* | Over 20 år* |
|---|---|---|---|---|
| 1 familie | 4 | ca. 0,42 mill./år | ca. 4,2 mill. | ca. 8,4 mill. |
| 3 familiar | 12 | ca. 1,25 mill./år | ca. 12,5 mill. | ca. 25,1 mill. |
| 5 familiar | 20 | ca. 2,09 mill./år | ca. 20,9 mill. | ca. 41,8 mill. |
| 6 familiar | 24 | ca. 2,51 mill./år | ca. 25,1 mill. | ca. 50,1 mill. |
Det er dei årlege beløpa eg meiner er mest relevante å samanlikne med innsparinga.
For seks firepersonsfamiliar, til saman 24 menneske, gir dette reknestykket om lag 2,51 millionar kroner per år. Det er om lag same storleiksorden som den berekna langsiktige innsparinga ved å flytte ungdomstrinnet. Det betyr ikkje at kommunen faktisk vil tape denne summen dersom seks familiar flyttar.
Eg påstår verken at seks familiar vil flytte ut, eller at seks familiar vil la vere å flytte til Fjaler.
Poenget er at kommunen bør undersøkje kva sjølv små endringar i busetjinga kan bety økonomisk, framfor å leggje til grunn at dei ikkje har noko å seie.
I ein kommune med under 3 000 innbyggjarar kan fem eller ti familiar over eit tiår ha betydning.
Når kommunen meiner tiltaket kan forsterke folketalsnedgangen, samtidig som området kan få fleire titals nye arbeidsplassar, meiner eg det er uforsvarleg å sjå bort frå den økonomiske risikoen berre fordi han ikkje kan reknast nøyaktig.
Nye arbeidsplassar gir ikkje automatisk nye innbyggjarar i Fjaler. Arbeidstakarane kan velje å bu i nabokommunar og pendle. Kor mykje av arbeidsplassveksten som fører til busetjing, skatteinntekter og innbyggjaravhengige tilskot i Fjaler, er derfor eit kommuneøkonomisk spørsmål. Eg meiner risikoen for pendling aukar dersom familiar ikkje lenger har eit samanhengande skuleløp frå 1. til 10. trinn i nærmiljøet.
Elevane kom for seint inn i saka
Eg meiner administrasjonen fortener tydeleg kritikk for måten elevmedverknaden er handtert på.
Kommunen skriv sjølv i høyringsgrunnlaget at elevmedverknad er ein viktig del av vurderinga av barnet sitt beste, og at elevane skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og reell moglegheit til å uttale seg. Kommunestyret vedtok 20. august at det skulle leggjast til rette for brei medverknad i høyringsperioden, også frå elevane.
Per utgangen av september 2026 var elevråda framleis ikkje involverte av kommunen i saka. Eg kjende heller ikkje til at eit operativt ungdomsråd eller anna kommunalt medverknadsorgan for ungdom hadde fått behandle skulestruktursaka.
Det er alvorleg i ei sak som får så store følgjer for elevane.
Denne saka handlar direkte om barna sin eigen kvardag. Ho avgjer kvar dei skal gå på skule, kor mykje tid dei skal bruke på transport, kven dei skal ha rundt seg i skulekvardagen, og korleis oppvekstmiljøet deira skal sjå ut i åra framover.
Barn har etter Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon artikkel 12 rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei, og synspunkta deira skal vektleggjast i samsvar med alder og modning. Retten gjeld ikkje berre enkeltbarn, men også barn som gruppe. Kommunelova stiller i tillegg krav om at kommunen skal ha eit ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom.
Kommunen må aktivt leggje til rette for dette. Det er ikkje nok at barn og unge sjølve kan oppdage høyringa og sende inn eit innspel.
Fjaler kommune sitt eige reglement for folkevalde organ seier dessutan at saker skal leggjast fram for råda på eit så tidleg tidspunkt i sakshandsaminga at uttalane deira har moglegheit til å påverke utfallet. Nettopp det er poenget med reell medverknad: Barn og unge skal ikkje berre få høve til å kommentere ein prosess når rapportar, alternativ, økonomiske vurderingar og tilrådingar allereie ligg på bordet. Dei skal kunne kome til orde tidsnok til at synspunkta deira faktisk kan ha betydning.
Eg meiner det er svært problematisk at involveringa av elevråda og arbeidet med å få eit ungdomsråd på plass først kjem når det er mindre enn ein månad att av høyringa. Kor mykje kan elevane påverke når dei blir inviterte inn så seint i ein prosess som har gått føre seg over lang tid?
Eit ope folkemøte for vaksne kan heller ikkje erstatte ein planlagd og alderstilpassa prosess med elevane. Det kan ikkje vere rimeleg å forvente at barn sjølve skal følgje kommunale postlister for å finne ut at dei kan uttale seg. Ein elev på mellomtrinnet skal heller ikkje måtte sitje gjennom ein lang økonomisk presentasjon retta mot vaksne før barnet eventuelt får høve til å seie noko i eit gruppearbeid.
Elevane treng forståeleg informasjon, tid til å diskutere saka i trygge rammer og konkrete spørsmål dei kan ta stilling til, til dømes gjennom elevråda. Dei må også få vite korleis synspunkta deira blir brukte vidare.
Difor meiner eg administrasjonen må svare konkret på kva medverknad som faktisk har funne stad: Kva har elevane ved Våge, Flekke og Dingemoen blitt spurde om? Korleis er synspunkta deira dokumenterte? Korleis skal dei vektleggjast i vurderinga av barnet sitt beste? Og kvifor vart ikkje elevråda og eit operativt ungdomsråd involverte langt tidlegare i prosessen?
At høyringa er open for alle, svarar ikkje på desse spørsmåla. Kommunen skriv at den endelege vurderinga av barnet sitt beste krev involvering i høyringsrunden. Då må det også visast korleis elevane har fått informasjon dei forstår og eit reelt høve til å påverke.
Slik situasjonen var ved utgangen av september, meiner eg administrasjonen hadde handtert elevmedverknaden for dårleg. Eit elevrådsmøte heilt på tampen er ikkje i seg sjølv nok til å rette opp dette. Det avgjerande er om elevane faktisk får påverke avgjerda, ikkje berre om kommunen kan vise til at eit møte er gjennomført.
Derfor meiner eg Våge må bestå
For meg er ikkje spørsmålet om det er mogleg å spare pengar på å flytte ungdomstrinnet. Det er godt mogleg at kommunen kan redusere enkelte kostnader.
Spørsmålet er om den relativt avgrensa og usikre innsparinga er stor nok til å forsvare det kommunen gir avkall på og risikoen kommunen tek.
Den økonomiske effekten er vurdert som avgrensa, medan følgjene for Våge er konkrete: tap av fagmiljø og fleksibilitet, og ein skule som ikkje lenger omfattar heile grunnskuleløpet. Elevane får ei berekna reisetid på 60–80 minutt kvar veg, og enkelte bur mykje lengre unna Dingemoen enn plasseringa på Våge skule. Kommunen meiner ei flytting vil forsterke den negative utviklinga i ytre Fjaler, samtidig som nye arbeidsplassar kan gi området vekst. Elevmedverknaden har etter mi vurdering også vore for svak.
På dette grunnlaget er standpunktet mitt klart:
Alternativ 3 bør ikkje gjennomførast. Våge bør vidareførast som 1.–10.-skule.
Eg ber kommunen finne innsparing innanfor ein struktur der Våge framleis er 1.–10.-skule. Ei permanent flytting av ungdomstrinnet kan svekkje eit område kommunen treng å skape ny vekst i, utan at den økonomiske gevinsten er godt nok dokumentert.
Med venleg helsing
Stein Erik Grytøyra
Kjelder
- Fjaler kommune: Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune – dokument til offentleg ettersyn
- Agenda Kaupang: Utredning av bærekraftig skolestruktur i Fjaler kommune
- Skyss: Rutetabellar for linje 223 og 228 og reglement for skuleskyss i grunnskulen
- Telemarksforsking/Nordlandsforskning (2026): Skolenedleggelser – Om prosesser, konsekvenser og lokale slagmarker
- Telemarksforsking: Prosjekt- og publikasjonsside om skolenedleggelser
- Statistisk sentralbyrå: Kommunefakta Fjaler
- Kommunal- og distriktsdepartementet: Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar 2026
- Fjaler kommune: Saksutgreiing og kommunestyrevedtak 20.08.2026 (sak 064/26)
- AS Bygganalyse: Forenkla tilstandsvurdering – Våge skule 14.03.2026
- Utdanningsdirektoratet: Rettleiing om barnet sitt beste og barn sin rett til medverknad
- Fjaler kommune: Reglement og informasjon om Fjaler ungdomsråd
- Kommunal- og distriktsdepartementet: «2 709 millionar meir i frie inntekter til Vestland neste år», 15.10.2025, tabell med anslag for Fjaler i framlegget til statsbudsjett for 2026.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.