← Full visning

Meiner nedlegging av Flekke skule ikkje er godt nok utgreidd

Geir Loneland · 20. oktober 2026

Høyringsuttale frå tillitsvald gjennom Utdanningsforbundet ved Flekke skule

18.10.26

Sak 25/1844 – Framtidig skulestruktur i Fjaler kommune

Dette høyringsinnspelet byggjer på innlegget eg heldt på folkemøtet i Flekke 22. september 2026, der eg uttalte meg som tillitsvald for Utdanningsforbundet ved Flekke skule. Etter oppmoding frå kommuneadministrasjonen sender eg innlegget som ein del av høyringa om framtidig skulestruktur. Innlegget tek særleg opp spørsmål knytt til bemanning, økonomiske innsparingar, kapasiteten ved Dingemoen, overgangar for elevane og planlegginga av ei eventuell nedlegging. Eg meiner desse tilhøva må vere tilstrekkeleg utgreidde før kommunestyret tek stilling til framtida til Flekke skule.

«I ei slik sak så får ein etter kvart mange hattar. Eg er forelder, tilsett, politikar og tillitsvald. Så i kveld vil eg halde eit innlegg som tillitsvald for Utdanningsforbundet ved Flekke skule.

Eg har brukt mykje tid på å lese dokumenta som ligg til grunn for denne saka – både åleine og saman med andre. Og jo meir eg har lese, desto meir sit eg igjen med eitt grunnleggjande spørsmål: Kor er den konkrete planen dersom Flekke skule faktisk blir vedteken nedlagd?

Kommunestyret gav administrasjonen i oppdrag å utgreie skulestrukturen med tanke på kvalitet, økonomi, elevprognosar, bygningsmasse og lokalsamfunn. Målet skulle vere å gje politikarane eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag. Men dersom Flekke skule skal leggjast ned frå hausten 2027, meiner eg vi framleis manglar svar på nokre heilt grunnleggjande spørsmål.

Bemanning og reelle innsparingar

Kva skjer med dei tilsette? Vi har fått høyre at tilsette ikkje nødvendigvis mistar jobben, og at ein kan få tilbod om anna relevant arbeid. Men kva betyr det konkret? Kor mange av dei tilsette ved Flekke skule er det faktisk behov for på Dingemoen dersom elevane våre blir flytta dit? Kven skal følgje elevane? Når startar arbeidet med å integrere 44 (elevtalet har no auka til 46) elevar i nye klassar, med nye klassekameratar og med eventuelt nye og ukjente lærarar? Kor mange av dei tilsette skal ikkje til Dingemoen? Kva anna relevant arbeid skal desse få tilbod om – og kvar? Dette er sjølvsagt viktig for dei tilsette. Men det er òg heilt avgjerande for økonomien i saka. Dersom ein på den eine sida reknar inn ei stor innsparing ved å fjerne årsverk på Flekke, og på den andre sida seier at dei tilsette skal få anna relevant arbeid i kommunen, må vi få vite kor stor del av denne innsparinga som faktisk kan realiserast – og når. Det meiner eg må vere avklart før ein kan slå fast kva kommunen faktisk sparer.

Kapasiteten ved Dingemoen skule

Eit anna sentralt spørsmål er kapasiteten ved Dingemoen. Eg opplever at diskusjonen altfor ofte blir redusert til om det er «plass» til elevane frå Flekke på Dingemoen. Men plass er meir enn eit samla tal på kvadratmeter. Det handlar om kor mange elevar det blir i kvar klasse. Kor mange klassar ein skal ha. Storleiken på klasseromma. Grupperom. Garderobar. Spesialrom. SFO. Og ikkje minst kor mange lærarar og andre tilsette ein faktisk treng for å gje elevane eit godt tilbod. Kva skjer når samanslåtte årskull gjev klassar på 30, 35 eller 39 elevar? Skal dei gå i éin klasse? Skal klassane delast? Skal ein ha to kontaktlærarar? Og dersom ein må tilføre fleire ressursar – kva gjer det med den berekna innsparinga? Dette er spørsmål som må avklarast før eit vedtak blir gjort, fordi svara kan ha stor betydning for kor mykje kommunen faktisk vil spare ved ei nedlegging.

Overgangen frå barnehage til skule

Så har vi eit spørsmål eg meiner har fått altfor liten plass: overgangen frå barnehage til skule.

I dag kan barn i barnehagar som ligg i gangavstand frå skulen dei skal begynne på, enkelt besøke skulen, møte framtidige lærarar og bli kjende med dei dei skal gå i klasse med.

Dersom Flekke skule blir lagd ned, får barna i Flekke barnehage ein heilt annan situasjon. I dag er det ein smidig og trygg overgang. Korleis vil det sjå ut i framtida? Dei må transporterast til Dale for å delta i eit tilsvarande førskuleopplegg saman med framtidige klassekameratar. Korleis skal det organiserast? Kor ofte skal dei møtast? Kven skal følgje barna? Korleis skal transporten skje? Kven skal betale for han? Og korleis skal ein sikre at barna frå Flekke får den same gode overgangen til skulen som andre barn? Igjen: Dette kan verke som små spørsmål i ei stor strukturutgreiing. Men for ein femåring som skal byrje på skulen, er ikkje dette små spørsmål.

Involvering av dei tilsette

Så vil eg seie noko om sjølve prosessen. I presentasjonen frå administrasjonen står det ei liste over kva som er viktig for å lukkast med ei strukturendring. Der står det mellom anna:

Og:

Dette er eg heilt einig i. Men som tillitsvald ved Flekke skule må eg samstundes seie at eg ikkje kjenner meg att i beskrivinga av tydeleg involvering av dei tilsette. Vi som eventuelt skal stå midt i denne omstillinga, har ikkje vore involverte i å lage ein konkret plan for korleis ho skal gjennomførast. Og dersom ein slik plan finst, har ikkje eg som tillitsvald eller vi som tilsette sett han.

Ansvar for planlegging og gjennomføring

Kven skal i så fall gjennomføre dette?

Det fører til eit anna spørsmål som eg meiner er viktig. Dagens oppvekstsjef er prosjektleiar for skulestruktursaka. Det går òg fram av administrasjonen sin eigen presentasjon. Samstundes skal han etter det eg kjenner til gå av med pensjon i løpet av vinter/vår 2027.

Dersom kommunestyret gjer endeleg vedtak 19. november, slik framdriftsplanen viser, og ei eventuell nedlegging skal gjennomførast frå skulestart 2027, får vi derfor eit heilt konkret spørsmål: Kven skal ha ansvaret for å planleggje og gjennomføre denne omstillinga frå våren 2027? Vi veit ikkje kven som blir ny oppvekstsjef eller når ein eventuell etterfølgjar vil vere på plass. Nokon skal i løpet av relativt kort tid planleggje klassesamansetjing, bemanning, kontaktlærarressursar, elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring, overgang for elevar og tilsette, førskuleopplegg, transport og sjølve mottaket av elevane på Dingemoen.

Då meiner eg det er legitimt å spørje: Kvifor skal den konkrete planen lagast etter at vedtaket er gjort?

Er saka godt nok utgreidd?

Dette er eigentleg hovudpoenget mitt. Eg forventar ikkje at kvar minste detalj skal vere avklart før kommunestyret kan fatte eit vedtak. Men vi snakkar ikkje berre om detaljar. Vi manglar svar på spørsmål som kan påverke økonomien, bemanningsbehovet, kapasiteten på Dingemoen og kvaliteten på tilbodet til elevane.

På bakgrunn av alle desse ubesvarte spørsmåla er mi vurdering som tillitsvald at ei eventuell nedlegging av Flekke skule ikkje er godt nok utgreia til at kommunestyret har eit tilstrekkeleg grunnlag å ta ei avgjersle på. For meg er det vanskeleg å sjå korleis ein først kan vedta ei nedlegging på grunnlag av ei berekna innsparing – og deretter finne ut kva den nye skulekvardagen faktisk vil kreve og koste. Dei svara meiner eg bør liggje på bordet før kommunestyret tek avgjerda.

Kvalitetane ved Flekke skule

Heilt til slutt har eg lyst til å legge vekk alt som har med tal, årsverk og kapasitet å gjere. For gjennom denne prosessen har det vore mykje snakk om kva Flekke skule ikkje har. Vi har ikkje alle spesialromma ein i administrasjonen meiner ein moderne skule bør ha. Vi har ikkje dei største lokala. Og vi har ikkje nødvendigvis dei fasilitetane som ser best ut når ein samanliknar skulebygg på papiret. Men kvaliteten i ein skule blir ikkje skapt av kva type rom og areal ein har, åleine. Han blir skapt i møtet mellom elevar og vaksne. Han blir skapt av lærarar og andre tilsette som kjenner elevane sine. Som ser dei. Som tilpassar undervisninga. Som stiller opp for kvarandre. Og som kvar einaste dag prøver å gje elevane eit best mogleg tilbod med dei ressursane og fasilitetane vi har. Og akkurat der har eg lyst til å skryte av kollegaane mine. Eg er stolt av dei eg jobbar i lag med på Flekke skule. For trass i dei bygningsmessige avgrensingane som no blir trekte fram som ei svakheit ved skulen, klarer dei kvar einaste dag å skape ein trygg og god skulekvardag for elevane våre. Når vi diskuterer framtida til Flekke skule, må vi difor passe på at vi ikkje berre diskuterer kva skulen manglar. Vi må òg sjå på kva vi faktisk har – og kva vi risikerer å miste. Vi har eit fagmiljø som kvar dag leverer for elevane. Vi har tilsette som kjenner ungane, familiane og lokalsamfunnet. Og vi har ein skule der det blir gjort mykje godt arbeid innanfor dei rammene vi har fått og har frå før av. Det er eg veldig stolt av å vere ein del av.»

Med helsing
Geir Loneland – tillitsvald gjennom Utdanningsforbundet ved Flekke skule

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.