← Full visning

Flekke skule har lenge vore samlingsstad for lag og organisasjonar

Solbjørg Samdal · 19. oktober 2026

Flekke skule har sidan den var ferdig, vore mykje brukt av lag og organisjonar i bygda.

Flekke bondekvinnelag, seinare bygdekvinnelag, hadde for det meste medlemsmøta sine på skulen. I mange år var laget med å tilskipe Mikkelsmessfeiring. Der var sauesjå og det var også ymse aktivitetar for borna. Me hadde matservering på kjøkkenet og også nokre av klasseromma var i bruk. I gymnastikksalen var der ofte utstillingar av ymse slag. Desse tilstellingane samla mykje folk, og var både sosiale og nyttige. Laget hadde også kurs og andre tilstellingar på skulen.

Kjøkkenutstyret som laget hadde kjøpt tidlegare har vore brukt på skulekjøkkenet, og ein del er i bruk enno. Laget har åleine og i lag med bygda, (basarar) kjøpt meir utstyr til skulen, som koppar, kaffikanner og komfyr m.m. og også den første steam-maskina.

Sjølv om bygdekvinnelaget no er historie, kan eg trygt sei at laget arbeidde aktivt for skulen, og at Flekke skule har vore og er ein viktig samlingsstad.

Fjaler Helselag har og tidlegare brukt skulen til kurs. I fleire år no har laget hatt styremøte der. Kvar haust har laget loddsal. Trekning av gevinstane er på skulen. Inntekta av loddsalet går attende til gode føremål i kommunen.

Nautsund 17. okt
Mvh Solbjørg Samdal
Leiar Fjaler helselag og mangårig medlem i Flekke bygdekvinnelag

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.