Høyringsinnspel frå Svint – framtidig skulestruktur i Fjaler
Svint IL vart skipa i 1950 og har sidan då hatt variert og stor aktivitet med kjerneområdet i det som i dag er Flekke skulekrins. Idrettslaget har over 100 medlemmer i alle aldrar.
Svint Il ynskjer å uttrykkje uro for kva ei eventuell nedlegging av Flekke skule kan bety for idrettsaktiviteten, frivilligheita og utviklinga av lokalsamfunnet.
Svint Il sin aktivitet
Agenda Kaupang skriv at det ikkje er aktivitet i bygget etter skuletid. Her tek dei feil. Svint Il har gjennom skuleåret fleire timar med aktivitet i veka, Jumpa, sirkeltrening og alltrening. I tillegg har ein friidrettstrening på våren og arrangement som Postvegtrimmen og Svintmeisterskap i friidrett. Det er i tillegg mykje spontan aktivitet på skuleplassen på ettermiddagen med leik, ballspel og enkelt friluftsliv i gapahuken. Skuleplassen er eit samlingspunkt for ungane og familiane deira, både i organisert og uorganisert aktivitet. Svint IL har vore med å utvikla og haldt ved like skuleplassen og idrettsplassen me har i dag. Svint IL har også sponsa mesteparten av utstyret som i dag er i gymsalen, dette vert også brukt i dagleg undervisning på skulen.
Idrettslaget er avhengig av barn og unge som deltek, og foreldre og andre frivillige som stiller opp. Skulen er ein naturleg samlingsarena som bidreg til å skape relasjonar, fellesskap og engasjement på tvers av familiar. Samspelet mellom skulen og aktivitetane i Svint IL, har vore, og er, særskilt viktige i integrering av familiane på UWC.
Vi er uroa for at ei nedlegging vil kunne svekkje rekrutteringa til lokale aktivitetar. Når barna får skulekvardagen sin ein annan stad, kan også tilknytinga til fritidsaktivitetane i nærmiljøet bli svakare. Lengre reiseveg og meir krevjande kvardagslogistikk kan gjere det vanskelegare for barn å delta.
Samfunnsmessige konsekvensar
Flekke skule er meir enn ein skule. Han er ein viktig del av grunnlaget for eit aktivt og levande bygdesamfunn.
Dette handlar også om folkehelse og inkludering. Eit lokalt idrettstilbod gir barn moglegheit til fysisk aktivitet, meistring og sosial tilhøyrsle, utan at deltaking nødvendigvis krev omfattande transport og organisering frå foreldra.
Vi meiner også at kommunen må sjå skulestrukturen i samanheng med framtidig busetjing. Flekke har mange unge familiar som har valt å etablere seg her. Ein nærskule er ein viktig del av det som gjer bygda attraktiv. Dersom grunnlaget for vidare tilflytting blir svekt, vil det på sikt også kunne påverke rekrutteringa til idrettslaget og den frivillige aktiviteten.
Vi saknar ei grundigare vurdering av kva ei skulenedlegging vil bety for fritidstilbodet, frivilligheita og folkehelsa i lokalsamfunnet.
Ei eventuell økonomisk innsparing må også vurderast opp mot konsekvensane for barn og unge, og for det frivillige arbeidet som skaper aktivitet og fellesskap i bygda.
Svint Il meiner difor at Flekke skule bør oppretthaldast, og at kommunen må leggje til rette for at Flekke også i framtida kan vere ei attraktiv bygd for barnefamiliar.
Eit levande idrettslag treng eit levande lokalsamfunn. Og eit levande lokalsamfunn treng familiar som ynskjer å satse på framtida her.
Med helsing Styret i Svint Il
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.