← Full visning

Vil behalde dagens struktur – peikar på skuleveg frå Guddal

Alexander Svartefoss · 19. oktober 2026

Innspel til framtidig skulestruktur i Fjaler

Eg meiner at skulestrukturen bør bestå slik den er i dag. Eg har sjølv eit godt inntrykk av Flekke skule og barnehage, og då vi flytta heim og bygde hus på Svartefoss såg eg på Flekke som eit naturleg val. Eg tenkjer derfor at det er svært viktig for Guddal og Fjaler kommune og oppretthalde skulen i Flekke for å sikre at yngre folk og familiar skal etablere seg i kommunen.

I tillegg meiner eg at det er fleire element som er sentrale for vurdering av framtidig skulestruktur som ikkje er godt nok belyst eller veldig usikkert i Agenda Kaupang rapporten (AK-rapporten). Sidan denne rapporten er kunnskapsgrunnlaget i saka og ligg til grunn for kommmunediretøren si tilråing meiner eg derfor at det er viktig å peike på desse i mitt innspel. Eit slikt element er korleis reisevegen til noverande og framtidige elevar ved Flekke skule vil bli påverka. I AK-rapporten (s. 10) blir lang reiseveg til skulen beskrive som eit folkehelseproblem, og det blir vist til ein rapport som viser at dette går påverkar trivselen negativt. Likevel ser det ikkje ut til at ein har undersøkt faktisk reiseveg for elevane ved Flekke Skule i forbindelse med arbeidet med rapporten. I AK-rapporten blir det vist til ein statistikk som gjeld heile Vestland fylke. Kva med alle grendene/bygdene som har Flekke som sin nærskule? Dei som allereie har hatt ein busstur på 45 min til dømes. For vår del er det 4 km til fylkesvegen og busstoppet, som vi enten må køyre sjølv eller få anna skyss og så kjem i tillegg den ekstra reisevegen frå Flekke skule til Dingemoen oppå dette. Det blir ein svært lang dag for dei minste elevane.

Samtidig verkar det gjennomgåande i AK-rapporten at lenger reiseveg for elevar ved Flekke skule blir vurdert annleis enn for elevar ved Våge skule. Til dømes blir auka i reiseveg for elevar ved Flekke skule beskrive som begrensa, men for elevar blir den beskrive som vesentleg (s. 46). Eit anna døme er at nedlegging av Våge skule ikkje er aktuelt fordi det vil medføre lengre reiseveg enn anbefalt (s. 72). Dette er ikkje nemnd når det gjeld nedlegging av Flekke Skule, og kan tyde på at ein kun har tatt omsyn til elevar som bur i Flekke og omegn. Samtidig blir det skrive seinare i AK-rapporten (s. 92) at nedlegging av Flekke skule (alternativ 1) er det alternativet som i størst negativ innverknad på nærleik til skule og skuleskyss. Dersom denne vurderinga bygger på ei vurdering som først og fremst har tatt omsyn til elevar i Flekke og omegn kan denne negative innverknaden vere større enn det AK-rapporten har lagt til grunn. Dette bør derfor tilleggast meir vekt når ein skal ta ei avgjerd i saka, og dette spesielt viktig sidan lenger reiseveg vil gå utover deira livskvalitet. Til dømes begrensar dette moglegheita til å vere med på sosiale aktivitetar på fritida, og ein skal omsyn til kva som er til «barnets beste» slik det framgår av FNs barnekonvensjon.

I AK-rapprten verkar det også vere ei stor usikkerheit knytta til den faktiske innsparinga som vil følgje av ei nedlegging av Flekke skule. Dei skriv sjølv i rapporten (s. 47) at dei har flest mogleg alternativ på enklast mogleg måte, og i tillegg til dette har fleire ytra seg skeptisk til utrekninga i rapporten. Om ein likevel skal ta utgangspunkt i det som står der verkar det ikkje som ein kan rekne med ei faktisk innsparing på 10.9 millionar. Omkring halvparten av dette ser ut til vere knytta til at ein ved ei eventuell neglegging fordi ein unngår framtidige kapitalkostnadar for eit lån som er nødvendig for å bygge ny skule i Flekke. Det som er meir sikkert er at det blir kutt i driftskostnandar, men om ein sammenliknar det ein sparar i driftskostnadar ved ei nedlegging av Flekke skule med det ein sparar ved flytting av ungdomstrinnet ved Våge til Dingemoen er ikkje forskjellane like store. Denne flyttinga (alternativ 3 i AK-rapporten), blir også vurdert som eit alternativ som har mindre konsekvensar for folkehelse/skuleskyss og samfunnsutvikling enn nedlegging av Flekke skule.

Det er også viktig å påpeike at det per i dag ikkje er nokon rute frå skuleskyss frå Guddal til Sande. Kommunediretøren nemner dette som eit alternativ for elvar i Guddal med lang reiseveg til Dingemoen: “Halde fram med muligheiten for å søkje om å kunne gå på Sande skule er eitt alternativ.” Når det ikkje går nokon skuleskyss der lurer eg på korleis dette kan reknast som eit reelt alternativ, meinar kommunen at vi skal stå for skuleskyss sjølv? I ein travel kvardag vil ikkje dette vere mogleg å stå for sjølv.

Tilslutt er meiner eg det er viktig å ta med i vurdringa at sjølv om det å vere elev ved ein stor skule betyr større fagmiljø, så kan det også ha negative konsekvensar for den enkelte elve. I store klassar er det vanskelegare og sjå behovet til kvar enkelt elev. Dei flinkaste greie seg best. Det blir og referert til AK- rapport, og Kommunedirektøren oppsummerer at eit «Meir komplekst miljø: Ein større skule gir fleire elevar og eit meir uoversiktleg sosialt landskap, noko som særleg kan vere krevjande for yngre elevar som treng struktur og tydelege rammer» (s. 24).

Guddal/Svartefoss, 17.10.26

Alexander Svartefoss

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.