Til: Fjaler kommune
Saksnummer: 25/1844
Høyringsuttale vedrørande: Framtidig skulestruktur
FAU ved Våge skule ynskjer at Våge skule framleis skal vere ein 1.–10.-skule og støttar kommunedirektøren si tilråding om at ungdomssteget ved Våge ikkje blir flytta til Dingemoen.
Vi registrerer at den økonomiske innsparinga ved å flytte ungdomssteget er relativt avgrensa. Samstundes meiner FAU at ei slik endring vil få særs store negative konsekvensar for elevane, næringslivet og lokalsamfunnet i heile Våge skulekrins, og at konsekvensane også må vurderast i eit større perspektiv for framtidig utvikling av Fjalersamfunnet.
I det følgjande vil FAU punktvis gå nærare inn på ulike sider av saka som vedkjem Våge ungdomsskule, og som vi meiner er særleg viktige å belyse og ta med i den vidare vurderinga av framtidig skulestruktur i Fjaler.
Reiseveg og reisetid
For FAU er den lange og krevjande reisevegen den viktigaste konsekvensen ved ei eventuell flytting av ungdomssteget frå Våge til Dingemoen.
Agenda Kaupang skriv sjølv at ei flytting vil gi ein vesentleg auke i reisetida og anslår at reisetida for mange elevar vil kunne kome opp i 45–60 minutt kvar veg, for enkelte endå lengre. FAU vil påpeike at over 60 % av elevane ved Våge skule bur lenger frå skulen enn sjølve Våge skule ligg frå Dale. Reisetida vil derfor for mange bli vesentleg lengre enn reisetida mellom skulane. Per i dag går bussen frå Dale vgs kl.15.30. Dette betyr at ungdomsskuleelevane vil måtte vente ein ekstra time i Dale etter skuletid, og skulen har ansvar for elevane i dette tidsrommet.
FAU meiner at ei så stor dagleg reisebelastning vil få store negative konsekvensar for motivasjon, energinivå og deltaking i fritidsaktivitetar og sosialt liv utanfor skuletida. I tillegg vil dette påverke moglegheitane til ungdomsskulelevane å jobbe etter skuletid. Tid og køyring som krev for å delta på foreldremøter, arrangement i regi av skulen etter skuletid eller henting av sjuke barn dersom ein arbeider andre stader enn Dale må også takast høgde for ved flytting av trinnet.
FAU meiner at det må kome tydelegare fram kva den faktiske reisetida vil bli for elevane. Det bør leggjast fram konkrete berekningar av dør-til-dør-reisetid, inkludert tid til oppsamling, venting og eventuelle omleggingar av bussruta for å hente elevar. Elevane i Våge skulekrins bur spreidd over eit stort geografisk område. Busetnadsmønsteret gjer at skuleskyssen må innom fleire grender og sidevegar for å hente elevar, og bussen kan difor ikkje køyre direkte mellom utkantgrendene og Dale. Per d.d. manglar det bru på Fureneset, noko som fører til ytterlegare omlegging av ruta. Den faktiske reisetida for elevane vil dermed kunne bli vesentleg lengre enn det avstanden åleine skulle tilseie. Dette bør vere avklart før det blir teke ei avgjerd.
Det handlar heller ikkje berre om tid. Det er ei kjent sak at vegstandarden frå ytre Fjaler til Solheimskrysset er svært dårleg, med smal og svingete veg og strekningar som er utsette for ras og rasfare. Skuleåret 2024/2025 mista elevane som pendla med buss frå Våge til Dale vidaregåande skule om lag ei skuleveke som følgje av stengd veg på grunn av ras eller rasfare. For elevane frå ytre Fjaler må difor både lengda, kvaliteten og sårbarheita på reisevegen vere ein sentral del av vurderinga.
Kvalitet og styrkane ved Våge skule
FAU meiner det er viktig at kvaliteten og styrkane ved dagens 1.–10.-skule på Våge blir tillagde stor vekt. Agenda Kaupang slår fast at pedagogisk kvalitet i liten grad er direkte knytt til skulestorleik, og at det ikkje er grunnlag for å fastslå ein eintydig samanheng mellom skulestruktur og læringsutbytte. Rapporten peikar i staden på mellom anna kompetente lærarar, stabilitet i personalet og god pedagogisk leiing som sentrale faktorar for kvalitet.
Våge skule har over tid vore ein positiv bidragsytar til at Fjalerskulen kjem godt ut i kvalitative vurderingar og målingar. Kommunen skriv sjølv at ei flytting av ungdomssteget kan få negativ verknad på kvaliteten ved Våge, mellom anna fordi skulen mistar ein del av fagmiljøet, fleksibiliteten og dynamikken som følgjer av å vere ein 1.–10.-skule.
FAU meiner det er ein stor styrke at Våge er ein 1.–10.-skule. Ungdomssteget er ein viktig del av det samla lærar- og fagmiljøet, og gir kontinuitet mellom barne- og ungdomssteget. Ei flytting vil ikkje berre påverke ungdomsskuleelevane, men også skulen som arbeidsplass. Viktig kompetanse vil forsvinne, fagmiljøet blir mindre, og FAU er uroa for at dette over tid kan gjere det vanskelegare å rekruttere og halde på kvalifiserte lærarar.
FAU fryktar også at ei nedlegging av ungdomssteget kan få ein negativ dominoeffekt for resten av skulen. Dersom familiar med ungdomsskuleelevar vel å flytte for å unngå den lange skulevegen, vil dei i mange tilfelle også ha yngre barn som går på barnesteget eller i barnehagen. Ei slik fråflytting vil dermed kunne føre til endå mindre klassar og svekkje dei sosiale og faglege miljøa også på 1.–7. trinn. I ein liten skulekrins som vår har kvart enkelt barn stor betydning for elevmiljøet og for å oppretthalde eit levedyktig skuletilbod. Vi treng kvart barn i grenda.
Valfaga på ungdomstrinnet har stor betydning for elevane og lokalsamfunnet, til dømes har arbeidslivsfaget bidrege til sosiale samankomstar og møtestadar for bygda. FAU meiner at dette kan bli særs utfordrande å fortsette med dersom ungdomstrinnet vert flytta.
Skulebygget og området rundt skulen er også ein ressurs. Kommunen har gjennom åra investert i området, samstundes som bygdefolk og lokale lag og organisasjonar har lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å utvikle skulen og nærmiljøet. FAU er samd i at det framleis er behov for oppgraderingar for å løfte standarden på enkelte område. Målet må vere at elevane i Fjaler har gode og likeverdige rammer for opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på.
FAU meiner det også er ein styrke for Fjaler å ha to ungdomsskular. Det gir kommunen eit breiare og meir fleksibelt skuletilbod. For enkelte elevar kan det av ulike faglege, sosiale eller personlege grunnar oppstå situasjonar der det er behov for eit alternativt skulemiljø. Med to ungdomsskular i kommunen finst det i slike særlege tilfelle ein moglegheit for å finne ei løysing innanfor kommunen. Dette er ein fleksibilitet som vil forsvinne dersom all ungdomsskuleopplæring blir samla på Dingemoen.
Næringsliv og framtidig utvikling av Fjalersamfunnet
Kommuneøkonomien er under sterkt press i store delar av landet, og ekstraordinære inntekter frå mellom anna kraftproduksjon og Havbruksfondet har stor betydning for mange kystkommunar. FAU vil i denne samanheng peike på at ein vesentleg del av Fjaler sine slike inntekter er knytt til aktivitet og naturressursar i Våge skulekrins. FAU meiner difor det vil opplevast som svært urimeleg dersom ein samtidig svekkjer det lokale skuletilbodet gjennom å leggje ned ungdomssteget, særleg når den berekna innsparinga er relativt avgrensa.
For FAU handlar dette også om kva Fjaler skal leve av i framtida. Kommunen bør etter vårt syn leggje til rette for å ta vare på og vidareutvikle næringsaktiviteten som kan gi arbeidsplassar, tilflytting og framtidige inntekter. Lutelandet er eit av dei prioriterte satsingsområda i kommunen sin strategiske næringsplan, der kompetanse og rekruttering også er løfta fram som sentrale satsingsområde. Utviklinga på Lutelandet, mellom anna etableringa til Bue Salmon, viser potensialet som ligg i området. Første av fire byggetrinn for Bue Salmon er omtalt med ei investering på om lag 2,6 milliardar kroner og rundt 30 faste arbeidsplassar.
Skal slike etableringar lukkast over tid, må verksemdene kunne rekruttere og halde på kompetent arbeidskraft. FAU meiner eit godt lokalt skule- og barnehagetilbod er ein viktig del av dette. Kommunen si eiga saksutgreiing viser også til at Bue Salmon har peika på skule og barnehage som viktige for etableringa og den framtidige rekrutteringa. FAU ber om at dette blir tillagt vekt når konsekvensane av ei eventuell flytting av ungdomssteget blir vurderte.
FAU meiner at ei svekking av skuletilbodet i ytre Fjaler kan gjere det vanskelegare å rekruttere familiar og nødvendig kompetanse til næringslivet i området. Vi meiner difor at spørsmålet om Våge ungdomsskule ikkje berre må vurderast som ei isolert innsparing i skulebudsjettet, men også i samanheng med næringsutvikling, busetjing, rekruttering og Fjaler kommune sitt framtidige inntektsgrunnlag. For FAU er utviklinga av Lutelandet og næringslivet i ytre Fjaler ein viktig del av grunnlaget for eit livskraftig Fjalersamfunn i framtida.
Dale vidaregåande skule
FAU ser på Dale vidaregåande skule som ein svært viktig institusjon og ein motor for utviklinga av Fjaler og regionen rundt oss. For ein relativt liten vidaregåande skule er eit stabilt elevgrunnlag og gode søkjartal viktig.
FAU fryktar at ei flytting av ungdomssteget frå Våge til Dingemoen kan få ein utilsikta konsekvens for rekrutteringa til Dale vidaregåande skule. Elevar frå Våge skulekrins vil då allereie ha pendla den lange vegen til Dale gjennom tre år på ungdomsskulen. Når dei skal velje vidaregåande opplæring, fryktar vi at fleire kan vere lite motiverte for ytterlegare tre år med den same lange daglege pendlinga, og i staden søkje seg til andre vidaregåande skular og eventuelt bu på hybel.
FAU meiner difor at ein også må sjå framtida til Våge ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i samanheng. Når elevgrunnlaget er avgrensa, er kvar elev viktig. Vi meiner det vil vere uheldig dersom ei innsparing i grunnskulen får utilsikta konsekvensar som over tid kan svekkje søkjartala og elevgrunnlaget ved Dale vidaregåande skule.
Med venleg helsing, på vegne av FAU v/Våge skule,
Nathali Fatmi Hawi Nese
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.