Til Fjaler kommune
16. oktober 2026
Høyringsuttalelse frå «Jumpagjengen» på Flekke skule
Vi er ei treningsgruppe beståande av ca. 25 damer i alderen frå ca.55 til over 80 år, som har hatt Flekke skule med gymsal og garderobar som vårt treningslokale i mange år.
Når vi no ser at det ligg føre forslag om nedlegging av skulen, og at det er stor uklarheit om kva som skjer med bygget, kjenner vi på både uro og sorg. Vi vil med denne uttalen løfte fram argument som vi meiner er viktige for å bevare Flekke skule og barnehage, og spesielt om og å legge vekt på at bygget vert nytta til mykje meir enn skule og barnehagedrift. Gymsalen er den einaste arenaen vi har i bygda for å kunne møtast til fysisk aktivitet innandørs!
Flekke skule er, og har alltid vore, ein viktig del av bygda. Skulen er ikkje berre ein viktig stad for borna våre og for undervisning, han er og eit samlingspunkt og ein viktig del av identiteten vår. Skulen er ein møteplass som bind generasjonar saman. Vaksne og born i alle aldrar deltek i sosiale samlingar, trening, ulike arrangement og dugnadar. Både bygget og uteområdet er mykje nytta av folk i bygda og området rundt. Lag og organisasjonar har vore med på å støtte opp om skulen og bygget heilt frå starten av.
I planlegginga av bygget på 70-talet var det eit viktig punkt at dette og skulle vere eit hus som bygda skulle kunne bruke til ulik aktivitet. Døme på dette er m.a. å bygge opp eit godt og velfungerande kjøkken som kan nyttast til store arrangement, støtte til utstyr og materiell til gymsal og uteaktivitet, og bidrag frå bygda til mange andre ting i bygget og på uteområdet.
Eit aktivt lokalsamfunn bidreg til betre fysisk og psykisk helse, både for barn og vaksne. Nedlegging av skulen vil svekke dette fellesskapet. Folkehelse og førebygging ligg i kommunene sine planar, og eit viktig punkt er å få eldre til å bu heime lengst mogeleg. Då er det viktig å ha eit tilbod i bygdene og ikkje sentralisere alt. Vi ser på treninga vår som eit svært viktig tiltak i denne samanhengen. For oss er denne treninga kvar veke avgjerande for å halde oppe styrke, balanse, kondisjon og bevegelegheit. Og ikkje minst er dette eit sosialt treffpunkt som er viktig for mange, noko som og er viktig for helsa vår. Å miste eit slikt lågterskeltilbod vil vere eit tap for trivsel og helse for mange.
Vi oppmodar kommunen før eit vedtak til å:
Komme med ein konkret plan på kva de tenkjer vidare med huset etter ei evt. nedlegging. Vi krev at Fjaler kommune då legg ein forpliktande plan for korleis gymsal og garderobe framleis kan driftast og vere tilgjengeleg for lokale lag og treningsgrupper i åra som kjem.
Samarbeide med lag og frivillige organisasjonar for evt. å redusere driftskostnader, styrkje økonomien og halde oppe lokalt engasjement.
Vi ber kommunen om å ta inn over seg at Flekke skule er meir enn ein utgiftspost på budsjettet, men legge vekt på folkehelse, sosial tilknytning og å behalde eit livskraftig lokalsamfunn.
Vi håpar kommunen vel å bevare Flekke skule, ta vare på bygget og sjå på dette som ei investering i framtida både for Flekke, bygdene rundt og for heile kommunen.
Nedlegging av skulen sender eit signal om at kommunen ikkje prioriterer små lokalsamfunn.
På vegne av Jumpadamene;Karin Johansson, Bente Ness, Møyfrid Kvangarsnes og Eva Kyrkjebø
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.