Høyringsuttale skulestruktur, Fjaler kommune
Sak 25/1844
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vil med dette uttrykke sin uro for vurderinga om endra skulestruktur i Fjaler kommune. Som stor næringslivsaktør i Flekke, er det særleg framlegget om mogleg nedlegging av Flekke skule som uroar oss. For oss er dette ikkje berre ei skulesak, men ei sak som kan påverke rammevilkåra for vår vidare drift og utvikling.
Rehabiliteringssenteret har ei tidsavgrensa driftsavtale med Helse Vest regionale helseføretak om levering av spesialiserte rehabiliteringstenester. For å kunne sikre framtidige avtalar og vidare drift, er vi avhengig av god rekruttering av tilsette og god tilgang på pasientar. Det er kring 1000 pasientar årleg som i dag vel å kome til Flekke for å delta på eit rehabiliteringsopplegg over fleire veker. Dei kjem til ein institusjon, men dei kjem og til ei levande bygd.
Det er ålment kjent at ei av vår tids største utfordringar er tilgang på rett kompetanse, og vi veit at rekruttering av helsepersonell vert særleg utfordrande i framtida. Som ein helseinstitusjon som leverer spesialiserte helsetenester, er vi heilt avhengig av å kunne rekruttere kompetente medarbeidarar for å kunne levere på oppdraget vårt og oppretthalde tilbodet. Senteret har om lag 85 tilsette fordelt på 67 årsverk. Fagkompetansen er brei og omfattar alt frå ulike legespesialistar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sjukepleiere, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, forskar, miljøterapeutar, logoped, helsefagarbeidar, assistentar, sosionom og arbeidskonsulent. I tillegg kjem ca 40 tilsette som arbeidar innan administrasjon og andre støttefunksjonar som kjøkken, reinhald, teknisk og IT.
Institusjonen tek årleg i mot kring 20 studentar i praksis. Dette er både lokal ungdom, men også ungdom/unge vaksne frå andre stadar i landet som ser rehabilitering som eit mogleg framtidig arbeidsfelt. Desse studentane kjem og oppheld seg på Haugland mellom 3 og 10 veker og har bygda som sitt nærmiljø. Det er viktig at dei får ei positiv oppleving av tida dei er på Haugland og i Flekke og ser at dette kan vere ein framtidig arbeidsplass. Det å ta imot studentar er ein viktig del av vår rekrutteringsstrategi og mange av dei som har vore her i praksis, søker seg tilbake for fast jobb.
At det på Haugland i dag er to store, solide institusjonar som blir lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt, skuldast optimismen og framtidstrua politikarane i Fjaler hadde på at dette kunne vere mogleg. Kven skulle tru at ein i ei så lita bygd skulle klare å bygge opp to spesialiserte kunnskapsbedrifter. Vi som i det daglege held til på Haugland, veit at dette ikkje kjem av seg sjølv. Stadig kamp om ressursar og tøffare konkurranse i marknaden, krev strategisk fokus og politisk påverknadsarbeid. For å kunne halde fram med utvikling og sikre framtidige avtalar, er vi avhengige av at lokalsamfunnet rundt oss er robust og attraktivt.
Vi ser at det er ein krevjande situasjon for kommunen og at politikarane må ta vanskelege val. Men slike vanskelege val krev og at vi har den kunnskapen som trengst for å gjere det beste valet. Vi vurderer at det er behov for eit breiare kunnskapsgrunnlag som og ser på kva indirekte konsekvensar nedlegging av Flekke skule vil kunne få. I kva grad vil det ha innverknad på det lokale tilbodet, på busetting og vidare utvikling av kommunen. I kva grad vil det påverke bygda Flekke, fellesskapet, trivselen og attraktiviteten for å bu her? Spørsmåla er avgjerande, fordi ei levande bygd er ein føresetnad for både rekruttering, pasientopplevingar og vidare næringsutvikling.
På bakgrunn av dette vil Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter sterkt oppmode kommunen til å velje nullalternativet – å ikkje gjennomføre endringar i skulestrukturen no. Etter vår vurdering er kunnskapsgrunnlaget for ei eventuell nedlegging av Flekke skule ikkje tilstrekkeleg utgreidd, særleg når det gjeld dei indirekte og langsiktige konsekvensane for rekruttering, busetting, næringsliv og vidare utvikling av bygda. Vi meiner at risikoen for negative verknader er betydeleg, og at ein levande og stabil skule i Flekke er ein føresetnad for at vi, saman med kommunen, kan halde fram med å skape arbeidsplassar, tiltrekke kompetanse og vere ein attraktiv aktør både nasjonalt og lokalt.
Vi ber difor om at kommunen tek omsyn til desse perspektiva og vel det alternativet som best sikrar ei berekraftig utvikling av både Flekke og Fjaler.
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
V/ Inger Johanne Osland
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.