← Full visning

Vil bevare Våge og Flekke – effektivisering før sentralisering

Ragnar Vikøyr · 16. oktober 2026

Høyringsuttale - framtidig skulestruktur i Fjaler kommune

Saksnr. 25/1844

Eg meiner Fjaler kommune bør vidareføre dagens skulestruktur med Våge, Flekke og Dingemoen. Kommunen har økonomiske utfordringar som må takast på alvor. Også skuledrifta må vurderast kritisk. Spørsmålet er kva tiltak som gir varige innsparingar og samtidig tek vare på kommunen si framtid. Dei økonomiske utfordringane har fleire årsaker, mellom anna gjeld og kapitalkostnader, og må møtast med ein samla plan.

1. Skulen er limet - og ein del av næringspolitikken

Agenda Kaupang peikar på at skulen fungerer som møteplass, identitetsberar og lokal samfunnsinfrastruktur (s. 15-16). For Våge og Flekke blir den lokale betydninga omtalt særskilt (s. 46-47, 55-56 og 74-76). Når ein skule blir svekka eller borte, må kommunen derfor rekne på meir enn sparte driftskroner. Busetjing, frivilligheit, tilhøyrsle og rekruttering til næringslivet må også med.

For meg er dette også personleg. Eg har sjølv flytta frå den eine enden av sentralitetsskalaen til den andre - til ein kommune i sentralitetsklasse 6. Og eg elskar det. Her ute i Ytre Fjaler er det ofte taxibåten, ikkje drosjebilen, som tek deg dit du skal - og eg elskar det. Det seier kanskje meir om avstandane og geografien enn omgrepet «sentralitetsklasse 6» nokon gong kan gjere.

Samstundes har eg fått oppleve mykje av det som gjer bygdelivet spesielt. Eg har vore på mine første filmar på bygdekinoen saman med strålande fornøgde bonusbarn. Eg har vore på mitt første åresal - noko eg aldri hadde høyrt om før eg flytta hit. Og eg har fått vere med på både den første og den andre utgåva av Grytøyra Fiskefestival, etablert av heimvende ungdommar frå bygda som fann det naturleg å etablere seg her. At det finst barnehage og skule i lokalmiljøet, er ein viktig del av det som gjer slike val moglege.

Det same gjeld vår eigen familie. Min kjære sambuar ville aldri ha flytta heim igjen til Grytøyra dersom vi ikkje hadde hatt barnehage og skule i nærleiken. For vår familie var dette ein føresetnad for å velje bygda.

Dette er små historier kvar for seg, men til saman fortel dei noko større: Levande bygder oppstår ikkje av seg sjølve. Dei blir skapte av menneske som flyttar heim, av oss som kjem utanfrå og vel å bli, av familiar som får barn, frivillige som skaper aktivitet og bedrifter som satsar. Skal fleire ta det valet i framtida, må dei grunnleggjande føresetnadene vere på plass. Barnehagen og skulen er blant dei viktigaste.

Fjaler er ein langstrakt kommune med bedrifter spreidde over heile kommunen. I Flekke har Norconsult eit fagmiljø som er del av ei stor og langsiktig avtale med Sira-Kvina kraftselskap.

Norconsult opplyser at prosjektleiingsstaben i første rekke skal vere lokalisert ved Flekke-kontoret.

Jonny Pedersen, prosjektdirektør i Norconsult, skriv i ei uttale til innsendaren 7. oktober 2026: «Då vi selde Pecom til Norconsult, var det fordi Norconsult ønskte å satse i Flekke.»

Pedersen opplyser at eitt av prosjekta frå Sira-Kvina vil generere 250 årsverk fordelt over åtte år.

Prosjektet skal styrast frå Flekke, og målet hans er å leggje så mange av arbeidsplassane som mogleg lokalt. Dette er eit potensial for lokal vekst, ikkje ei opplysning om at alle årsverka allereie er sikra i Flekke.

Han peikar på kva som må til for å rekruttere: «Ungdom og familiar flyttar dit dei opplever at det er framtidstru, utvikling og positive utsikter. Skal vi få folk til å flytte til og bli buande i Flekke, må dei oppleve at det finst ein framtid her.»

Dette understrekar kvifor kommunen må vurdere skulestrukturen opp mot næringslivet sine rekrutteringsbehov. Arbeidsplassar gir ikkje automatisk busetjing. Familiar må også ha eit oppveksttilbod som gjer det attraktivt å bu i nærleiken.

Den same samanhengen er tydeleg på Lutelandet, der utviklinga allereie er i gang. Bue arbeider for å realisere eit første byggetrinn som omfattar produksjon av inntil 15 000 tonn laks. Dagleg leiar Knut Eikeland opplyser at dette vil skape rundt 30 faste arbeidsplassar, gi grunnlag for vekst hos lokale og regionale leverandørar og leggje grunnlag for nye lokale bedrifter. Han knyter dette direkte til oppveksttilbodet på Våge: «Utan barnehage og skule på Våge blir dette vanskeleg.»

Bue har sikra nettkapasitet til dei to første byggetrinna. Vindkraftutbygginga på Lutelandet har gitt Ytre Fjaler eit sterkare straumnett som legg til rette for ny industri. Når kommunen legg til rette for arbeidsplassar, må han også sikre oppveksttilbodet som gjer det attraktivt for familiar å busetje seg i nærleiken.

Stein frå grunnarbeidet blir teken ut og skipa til kundar i Europa; lokalt er aktiviteten synleg gjennom båtar som går med stein både tidleg og seint. Fjaler er under utvikling, ikkje under avvikling. Når ei stor næringssatsing sjølv peikar på barnehage og skule på Våge som viktig, må skulestrukturen vurderast som ein del av infrastrukturen for busetjing, rekruttering og vekst.

Fjaler er også ein stor jordbrukskommune. Skal gardane våre drivast vidare, er vi avhengige av at neste generasjon faktisk ønskjer å ta over. Eit generasjonsskifte handlar om meir enn sjølve garden og økonomien i drifta. Den som tek over skal gjerne etablere familie og få kvardagen til å gå opp. Dersom det blir langt til barnehage og skule, kan terskelen for å ta over heimgarden bli høgare. Skulestruktur er derfor også landbruks- og rekrutteringspolitikk. Skal Fjaler sikre framtidig arbeidskraft - anten det er til Bue på Lutelandet, Norconsult i Flekke, andre lokale bedrifter eller til gardane våre - må det vere attraktivt å etablere eit familieliv i heile kommunen.

Kommunen bør derfor rekne på kva fem, ti eller tjue familiar meir eller mindre i Våge, Flekke og Dale betyr for skatt, rammetilskot, utgiftsutjamning og faktiske marginalkostnader. Spørsmålet er ikkje berre kva skulen kostar, men kva det kan koste kommunen å miste familiar - eller at nye familiar vel ein annan kommune.

Dette må heller ikkje reduserast til ein kamp mellom sentrum og distrikt. Heile Fjaler ligg i sentralitetsklasse 6, den minst sentrale kategorien i SSB si inndeling.

Skal kommunen få bustad- og næringsutvikling av betydning i åra framover, må vekst også kunne skje utanfor Dale. Kommuneplanarbeidet har peika ut mellom anna Våge/Grytøyra og Flekke som område der bustadutvikling, fortetting og næringsutvikling skal kunne styrke lokalsamfunna.

I ein slik kommune er vi avhengige av at sentrum og bygdene dreg i same retning. Eit sterkt Dale treng sterke bygder rundt seg, og sterke bygder treng eit sterkt Dale. Skulestrukturen må derfor vurderast som ein del av den geografiske infrastrukturen som gjer det mogleg å bu og skape arbeidsplassar i heile Fjaler.

2. Våge: 33 kilometer er ikkje den faktiske skulevegen for alle

Agenda Kaupang bereknar ei innsparing på om lag 2,6 millionar kroner årleg ved å flytte 8.-10. trinn frå Våge til Dingemoen (kap. 6.5, s. 84-90). Avstanden mellom skulane er om lag 33 kilometer (s. 6), men dette er ikkje det same som elevane sin faktiske skuleveg.

Avstanden mellom skulane seier ikkje kva den faktiske skulevegen blir for kvar elev. Flytting av ungdomssteget frå Våge til Dingemoen vil gi elevane lengre skulereise og mindre tid til fritid, aktivitetar og familieliv. Lengre skulereise kan også gjere det vanskelegare å delta på fritidsaktivitetar og vere saman med venner etter skulen. Denne belastninga må vege tungt når kommunen vurderer innsparinga. Kommunen bør vise korleis barnas beste er vurdert: Korleis er omsynet til elevane sin trivsel, tilhøyrsle og kvardag vege opp mot den berekna innsparinga? Agenda Kaupang peikar på at lang reiseveg kan gå ut over trivsel og vere ei folkehelseutfordring (s. 11-12). Barn sin tid er ikkje gratis berre fordi han ikkje står i KOSTRA (kommune-stat-rapportering), som mellom anna viser kommunale kostnadstal.

3. Færre skular betyr ikkje automatisk billigare drift

Agenda Kaupang slår fast at kostnadsnivået ikkje kan forklarast av skulestrukturen åleine (s. 6).

Rapporten drøftar også tiltak innanfor dagens struktur, mellom anna organisering, tilrettelagd opplæring, assistentbruk og samarbeid mellom skulane (s. 65-71). Dette talar for å prøve reversible tiltak før irreversible nedleggingar.

Alternativ 0 er heller ikkje berre dagens drift. Det legg inn om lag 141 millionar kroner i modernisering og investeringar, med om lag 7,1 millionar kroner i årlege kapitalkostnader (s. 7 og 64). Difor må alternativ 4 - dagens struktur utan større investeringar dei komande åra - vurderast på same grundige måte som strukturendringane. Nødvendige tiltak for tryggleik, vedlikehald og eit forsvarleg læringsmiljø må sikrast også i dette alternativet.

4. Fjaler treng ein offensiv strategi

Eg kjenner igjen mykje av prosessen frå skulestrukturdebattar i Bergen: Når økonomien blir trong, går diskusjonen raskt til nedlegging og samanslåing. Det er ei defensiv tilnærming. Fjaler bør også spørje korleis kommunen kan få fleire innbyggjarar, fleire arbeidsplassar og fleire barn inn i skulane. Ein desentralisert skulestruktur må vurderast som ein del av ein slik vekststrategi.

Pedersen formulerer utfordringa slik: «Skal vi utvikle Flekke og Fjaler, må vi våge å satse på framtida – ikkje berre administrere nedgangen.» Kommunen bør derfor leggje fram ei samla vurdering av korleis dei ulike skulealternativa påverkar rekruttering, tilflytting og moglegheita for å byggje arbeidsplassar lokalt.

5. Gjeld og budsjettbalanse må vurderast opp mot konsekvensane av sentralisering

Kommunedirektøren har lagt fram moglege løysingar for å betre økonomien gjennom endringar i skulestrukturen og sentralisering til Dingemoen. Alternativa omfattar flytting av ungdomssteget frå Våge, nedlegging av Flekke skule og, i ytste konsekvens, nedlegging av både Våge og Flekke skule.

Spørsmålet er derfor kva konsekvensar kommunen er villig til å akseptere for å oppnå innsparingar. Den høge gjelda bind inntekter til renter og avdrag og avgrensar handlingsrommet. Samstundes må kvart strukturalternativ vurderast opp mot elevane sin kvardag, busetjinga og næringslivet sitt behov for rekruttering. Ei innsparing i skuledrifta kan betre budsjettbalansen, men også svekkje føresetnadene for den utviklinga kommunen ønskjer.

Årsrekneskapen for 2024 viser ei samla lånegjeld på 497,9 millionar kroner ved årsskiftet, der 487,8 millionar gjeld eigne investeringar og 10,1 millionar vidareutlån. Renteutgifter og ordinære avdrag i driftsrekneskapen utgjorde til saman om lag 34,6 millionar kroner. Dette er historiske rekneskapstal, ikkje ein oppdatert lånesaldo for 2026.

KS tilrår generelt at netto lånegjeld, fråtrekt ubundne investeringsfond, ikkje overstig 85 prosent av driftsinntektene. Tilrådinga føreset eit disposisjonsfond på om lag 5 prosent, og gjeld og buffer må vurderast samla. Fjaler sine tal må samanliknast etter same definisjon.

Gjeldsnivået forklarer ein del av det økonomiske presset, men avgjer ikkje åleine kva tenester som bør prioriterast for kutt. Dei berekna innsparingane ved kvart skulealternativ må vegast mot dei langsiktige konsekvensane for heile kommunen. Skule- og barnehagepolitikk er også nærings- og busetjingspolitikk.

6. Reversible grep må prøvast først

Før skulestrukturen blir bygd ned, bør kommunen fase investeringar som kan vente, bruke eksisterande areal betre, effektivisere organisering, administrasjon og sakshandsaming, vurdere dokumenterbare innsparingar i konsulent-, overtid- og vikarbruk utan å svekkje tenestene og vurdere betre samarbeid på tvers.

Lærarressursane og kvaliteten i undervisninga bør prioriterast. Slike tiltak må talfestast med same grundigheit som nedleggingsalternativa. Kommunen bør lage ein tidfesta plan for alternativ 4 med konkrete tiltak, berekna årleg nettoinnsparing, ansvar for gjennomføring og faste tidspunkt for evaluering. Planen må vise korleis kvaliteten i undervisninga og nødvendige vedlikehaldstiltak blir sikra.

Krav til avgjerdsgrunnlaget

Kommunen bør leggje fram:

Konklusjon

Effektiviser før vi sentraliserer. Bevar Våge som 1.-10.-skule. Bevar Flekke skule. Prioriter lærarressursane og kvaliteten i undervisninga.

Fjaler er under utvikling, ikkje under avvikling. Kommunen bør bruke alternativ 4 til å prøve reversible tiltak og samtidig lage ein offensiv plan for fleire innbyggjarar, fleire arbeidsplassar og ein berekraftig gjeldssituasjon.

Dette handlar ikkje berre om budsjettet for neste år. Det handlar om kva slags Fjaler vi ønskjer å ha om 10, 20 og 30 år.

Kjeldegrunnlag

Agenda Kaupang, «Utredning av bærekraftig skolestruktur i Fjaler kommune», 08.05.2026: s. 6, 7, 10-16, 46-47, 55-56, 64- 78 og 84-93. Norconsult: langsiktig Sira-Kvina-avtale, med prosjektleiingsstab primært i Flekke. Bue Salmon: grunnarbeid og 14,99 MW nettkapasitet til dei to første byggetrinna. SFE: ni turbinar, om lag 150 GWh årleg og nytt 132 kV-nett i Ytre Fjaler. Knut Eikeland, dagleg leiar i Bue: skriftleg uttale til innsendaren med løyve til sitering om første byggetrinn, rundt 30 arbeidsplassar, ringverknader og Våge skule/barnehage. Fjaler sin arealplan omtalar Våge/Grytøyra og Flekke som prioriterte bygdesenter for bustadutvikling/fortetting og næringsutvikling. SSB: sentralitetsklasse 6 er minst sentral kategori. Båttrafikk med stein er ei lokal opplysning som bør kvalitetssikrast. Jonny Pedersen, prosjektdirektør i Norconsult: e-post til innsendaren 7. oktober 2026 med eige sitat om satsinga i Flekke, Sira- Kvina-prosjekt og lokal rekruttering. Opplysninga om 250 årsverk over åtte år er Pedersens vurdering av eitt prosjekt, ikkje eit tal på nye faste stillingar i Flekke. Fjaler kommune, Årsrekneskap 2024: økonomisk oversikt s. 2 og note 9 s. 17.

Lånegjeld ved 31.12.2024 og rente- og avdragsutgifter i 2024. Tala skil mellom eigne investeringar og vidareutlån, men gir ikkje ei full fordeling av gjelda på prosjekt eller finansieringskjelder. Les årsrekneskapen 2024.

Tilleggskjelde: Fjaler kommune, Nyheitsbrev frå kommunedirektøren, mars 2026, s. 2-3: høg gjeld og fleire årsaker til det økonomiske presset. Les nyheitsbrevet.

KS, «Nytt verktøy for stø økonomisk kurs», 12.06.2025: generell tilråding om netto lånegjeld og disposisjonsfond. Les KS si tilråding.

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.