← Full visning

Våge skule og barnehage viktig for rekruttering til Lutelandet

BUE SALMON ASA · 7. oktober 2026

Bue Salmon utviklar eit stort landbasert havbruksprosjekt på Lutelandet med potensial for mange nye arbeidsplassar i regionen. For å kunne rekruttere og behalde kompetanse er vi avhengige av attraktive lokalsamfunn med gode tenester for barnefamiliar.

Våge skule og barnehage er ein viktig del av denne infrastrukturen. Eit nært og føreseieleg oppveksttilbod vil ha stor betydning for busetjing, rekruttering og framtidig næringsutvikling i ytre delar av kommunen.

Vi ber derfor kommunen vektleggje samanhengen mellom skulestruktur, befolkningsutvikling og framtidige næringsetableringar når saka vert vurdert.

Bue Salmon står framfor avgjerder som vil få stor betydning for både omfanget og tempoet i den vidare utviklinga på Lutelandet. I slike vurderingar vil kvaliteten på lokalsamfunnet, inkludert nærleik til skule og barnehage, vere sentrale faktorar for å kunne tiltrekkje og halde på nødvendig kompetanse. Vi meiner difor at Våge skule og barnehage representerer verdiar som strekkjer seg langt utover dagens elevgrunnlag, og som kan få stor betydning for kommunen si evne til å realisere framtidige arbeidsplassar, tilflytting og verdiskaping i ytre Fjaler

Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.