I August i år tok vi med oss 4 barn og flytta til Flekke. Verda er i ei rivende utvikling, på godt og vondt. Krig har prega verdsbilete i mange år, likevel vart nok mange litt overraska når det braut ut krig i Europa. Vi har levd i ei glanstid der alt har sett fint og flott ut for framtida. Plutselig blir vi ramma av høge matprisar, renteauke og stigande straumprisar.
Vi flytta frå ein by der målet i stor grad er sentralisering. Der dei legg ned barnehagar og skular til fordel for færre og større barnehagar og skular der dei ikkje ein gong har plass til alle. Mine barn er i alderen 3 til 13 år. Eg har to 13 åringar som skulle begynt i 8.klasse i denne byen. Dette var dei heilt klare på at dei ikkje ville. Dei ville flytte til Flekke. Og nettopp sentralisering av skulane var ein av dei viktigste grunnane til at vi valde å flytte.
I 2023 var vi så heldige at vi fekk muligheten til å overta småbruket som min bestefar har vokse opp på. Eit bruk med lang historie i familien vår. Vi har alltid vore opptatt av å vite kor maten vår kjem i frå. Vel vitande om at vi importerer det aller meste av maten vår frå utlandet og det samla verdsbilete tatt i betraktning, turte vi rett og slett ikkje la ein slik sjangse gå frå oss. Vi ser det som ein enorm mulighet til å kunne dyrke vår eigen mat, ivareta vår eigen beredskap, vere sjølvberga og bidra til vekst på landsbygda. Vi visste at skulen i Flekke stod i fare for nedlegging. Og eg skal innrømme at eg ikkje tenkte så masse på dette då vi valgte å flytte. Det er liksom ikkje SÅ langt til Dale. Men når eg ser kva Flekke skule (og barnehage) er for noko, når eg dagleg møter så mange fine barn som helsar på og viser interesse for barna mine, som inkluderer og vil ha dei med seg i leiken, sjølv om yngste sonen min er 3 og dei som spør er 12, så ser eg kva vi er i ferd med å tape.
Småbruk er ei av dei annonsene på finn som har aller høgst søkartall. Dette seier meg ein ting. Stadig fleire ser kva vi er i ferd med å miste i bygdene våre, med nedlegging av gårdsbruk og fråflytting frå gårdane, som har prega dei siste 20 åra. Inntrykket mitt er at stadig fleire unge ser etter noke meir grunnleggande; ein verdi som ikkje kan måles i penger. Fleire ønsker seg vekk fra stress i byane. Når eg fortel venner og kjente at eg har flytta til bygda, får eg kun positive tilbakemeldinger. Eg får høyre at dette er noko dei kunne tenkt seg å gjere sjølve. Og når mange nok vågar å utforske dette, ta steget og flytte fra det "trygge" i byen, så vil kanskje fleire komme etter, etter kvart? Det er kanskje berre eit spørsmål om tid?
Vi har ikkje gjort livet vårt enklare, vi har to bygninger på gården som står til nedfall, i tillegg har vi pussa opp hovedhuset fra grunnen av. Dette koster både tid og penger. Likevel har vi valgt å satse på dette. Dette har vi trua på! Både no og for framtida.
Fordi verdien av ein oppvekst på bygda og ein lokal skule der du blir sett for den du er, der du som 1. Klassing får vere med 7.klassingane å spele fotball i friminutta. Der 7.klassingane tilpassar nivået etter dei aller minste, slik at DEI skal kjenne mestring. Der alle ropar og vinker når du kjem til skulen og spør om du vil vere med; aldri kan måles i penger. Allerede før skuledagen er starta er det fleire som har sett og anerkjent deg, møtt blikket ditt, ropt navnet ditt og vist deg interesse. Dette er Flekke skule heilt unikt flinke på og eg har aldri vore borti eit lokalsamfunn som vernar så godt om sine, der du kan skape ein identitet du tar med deg resten av livet. Der ein knyter vennskap som varer livet ut.
I dagens samfunn møter barn og unge press fra alle kantar, sosiale medier, ei stadig veksande psykisk uhelse som krever dyr behandling. Å reparere og behandle er ein kostnad kommunane tydeligvis er villig til å ta i stadenfor å forebygge, noko vi alle veit er billigare. Og på toppen av alt så vurderer ein altså å legge ned Flekke skule.
Ikkje alle vil bu i ein by, men alle burde prøve å bu i Flekke!
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.