1 Kvalitet og berekraft
Tittelen på rapporten er "ein berekraftig skulestruktur". Eg reknar med at kommunestyrerepresentantane vil gjere ei vurdering av berekraft når dei skal fatte vedtak. Frå rapporten får ein inntrykk av at det berre er økonomien som avgjer berekraft.
I rapporten og i kommunedirektøren sin presentasjon under folkemøtet er det ein tabell over fordelar og ulemper ved dei fire alternativ. Kvaliteten er tenkt å auke ved nedleggingsalternativa. Det meiner eg er feil. Grunngiving for auken er eit større kollegium ved Dingemoen, ein ser bort frå andre kvalitetsteikn.
Samtidig med at ein får større kollegium ved Dingemoen blir kollegiet ved Flekke og/eller Våge redusert. Spesielt for Våge vil det vere eit stort tap å misse ungdomsskulekompetansen. Fjaler skårer høgt på fleire kvalitetsteikn, det er heller på grunn av dagens struktur enn på trass av denne. Nærleiken til naturen er ein kvalitet både i Våge og Flekke som ein ikkje har på Dingemoen. Denne kvaliteten er mykje brukt. Fådelte skular har andre kvalitetar enn fulldelte, det kan ikkje utan vidare samanliknast.
Dette gjer at indikatorane kvalitet, helse og samfunnsutvikling alle har ei negativ utvikling ved nedleggingsalternativa. Kva er då berekraftig ved ei slik nedlegging?
2 Reiseveg.
Avstanden mellom Våge skule og Dingemoen skule er 33 km. Av elevar med skuleskyss i Noreg er det 5 % som har lengre reiseveg enn 31 km. Det vil seie at elevar frå Grytøyra, Våge, Korssund, Lammetun og Folkestad og litt innover på Fureneset og Furset vil få lengst reiseveg i landet. I tillegg må det setjast opp skyss heilt til Våge krins frå Dingemoen kl. 14:30. Ungdomsskuleelevar skal ikkje vente ein heil time i Dale.
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.