Kommentarar til reknestykket i Agenda Kaupang sin rapport – skulestruktur Fjaler
Side 1 og 2 med kronebeløp. Side 3 endringar utan tal, som miljøaspektet
Agenda Kaupang har i rapporten estimert ei årleg innsparing på 5,9 millionar ved endra skulestruktur. Utrekningane bygger på ei rekke føresetnadar om bemanning, elevtal, klassedeling, bygning og andre forhald. Vil understreke at i AK sin rapport er føresetnadane usikre.
Tabellen under peikar på tilhøve som kan påverke den faktiske økonomiske gevinsten ved ei nedlegging av Flekke skule. Postane er potensielle kostnadar som ikkje er med eller i liten grad vurdert i AK-rapporten.
Beløpa i tabellen må ikkje sjåast på som sikre kostnadar, men som ein illustrasjon av den økonomiske usikkerheita knytt til berekninga.
Kan og nemne at dersom ein må rive bygget og bygge ny barnehage, så vert også innsparinga redusert med 2,1 millionar i rein kapitalkost frå ferdig rive bygg, klargjort tomt med VA? Estimerer ein i tillegg 10 mill på å rive/klargjere + inventar så får ein kapitalkost i tillegg på 500k. Så totalt 2,6 mill mindre i årleg innsparing.
| Tenkt innsparing frå Agenda Kaupang / kommunedirektøren | 5 900 | (4900 er elevkostnad og 1000 drift av bygg) | |
| Redusert innsparingspotensiale på bemanning ved Dingemoen skule | 1 800 | Bygger på vurdering av at det kan vere behov for fleire stillingar enn lagt til grunn i rapporten. Reknar 900k per lærarstilling. | |
| Ny klassedeling Dingemoen | 1 500 | Ein kontaktlærar + fagarbeidar Her berre ein klasse. Store kull i Flekke framover | |
| Færre arbeidsplassar i kommunen | 150 | 4-5 på Dingemoen/Flekke må seiast opp/slutte (ansiennitet) Mindre skatteinntekter til Fjaler kommune. Lågt rekna | |
| Rektor Flekke skule | 200 | Ikkje ned i lønn ved overføring | |
| Styrar Flekke barnehage | 70 | Vil trenge meir tid for å bli hovudadm for bygget og uteområdet. 10%? Må då erstattast i avdeling | |
| Kjøp av elevplassar i annan kommune? | 520 | Fleire Guddalselevar til Sande, andre til Holmedal Montessorri? Ca 130 000 per elev. 4 stk ca 520 000 0-6 elevar | |
| Framandspråklege elevar Historisk mellom 15 og 25% | 450 | I Flekke vert dei sett rett inn i klasse. Nokre få får timar første året. Billeg i Flekke. Kan vere > <. 4t x 5 elevar= 20 t = 1 stilling. (Reknar halv stilling her for å rekne forsiktig) | |
| Innbyggartilskot | 320 | Tenkt tilfelle: Ein familie på 4 flyttar frå Guddal/Straumsnes/Flekke, og ein familie på 4 flyttar ikkje til kommunen. Innbyggartilskot varierer,men har rekna kr 40 000 pr person | |
| Driftsutgifter bygning | 200 | Har mange utgifter som no vert delte som barnehagen må ta; Renovasjon, kommunale avgifter, lisensar, mm. Tenkt sum | |
| Reinhald | 70 | No vert fellesareal betalt av drift skule. Vil måtte utvide reinhaldsdel for barnehagen. Tenkt 10% (litt lite?) | |
| Investering nye garderobar Dingemoen 12 000 000,- . Rente 4% | 650 | Årleg kapitalkostnad Klargjering av tomt, inventar, prosjektering, etc | |
| Dugnadsinnsats | 20 | Td grasslått. I dag leige frå Vevang. | |
| Skyss generelt Skyss førskuledagar/overgang barnehage-skule Skyss til symjing Haugland | 120 | Summen i rapp. er låg. Må skyssast til Dale Låg sum for Flekke-elevar i dag. Har gått eine vegen. | |
| 6070 | |||
| Tap for kommunen ved å legge ned Flekke skule og då er ikkje miljø- og samfunnsaspektet med | 170 |
Saker som er vanskeleg å måle i kroner
| Miljøaspektet | ? | Meir skyss for elevar. Ekstaskyss for foreldre til SFO. Auka trafikkavvikling ved Dingemoen Nokre elevar kan ikkje gå heim etter skule eller SFO Nokre familiar vil trenge to bilar | |
| Samfunnsøkonomisk | ? | Stor betydning for Fjaler med store arbeidsplassar på Haugland og på Ytsteneset. Samfunnsengasjementet Positivismen | |
| Joker Flekke | ? | Flekke skule og barnehage er ein viktig del av grunnlaget for butikken. Også eit miljøaspekt dersom det ikkje er grunnlag for nærbutikk | |
| Flekke som vekstområde for nybygg i kommunen Ringverknader av nybygginga | ? | Mange har flytta til Flekke der skulen har vore ein del av det heile. | |
| Eventuelle ITO eller personleg assistanse for gjesteelevar | ? | Ved kjøp av elevplass og ITO i annan kommune må vi betale alt. Vert ikkje sett i gruppe slik det vert gjort i Fjaler når vi styrer det sjølve. |
Flekke 17.09.2026
Ingvard Flekke
Teksten er renset og formatert etter PDF-en. PDF-en er originalen.